– Låner faretruande lite nynorsk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her gøymer dei bøker på bokmål

– Folk i det nynorske kjerneområdet les faretruande lite nynorsk, seier Ragnfrid Trohaug, redaktør ved Det norske Samlaget.

– Eg trur ein del formidlarar, lærarar, bibliotekarar og foreldre ikkje tenkjer på ungane som nynorskbrukarar, seier ho og legg til:

– Alle skulebibliotek burde tapetserast med nynorskbøker.

Mellom 5 og 8 prosent av bøkene som er gjevne ut dei siste 20 åra er nynorske bøker, ifølgje Språkfakta 2010. Biblioteksstatistikken for heile landet viser at berre ein prosent av dei tusen mest lånte bøkene var nynorskbøker. På biblioteka i dei nynorske biblioteka var talet seks prosent, ifølgje tal som Samlaget har henta inn frå storparten av biblioteka.

LES OGSÅ:Bøkene held på interessa vår

Kritikarar og ungdom er samde
– Eg har vore rundt på skular og møter ofte dei tilbakemeldingane: det finst så lite tilgjengeleg nynorsk litteratur, seier Trohaug, men tilbakeviser dette:

– Den nynorske barne- og ungdomslitteraturen er levande, god og tilgjengeleg. Det me treng er god gamaldags folkeopplysing.

Jakob og Neikob av Kari Stai vann både Brageprisen og Kritikarprisen. Fire av dei siste seks Brageprisane har gått til nynorske bøker. Når ungdom sjølv kårar årets beste bøker gjennom UPrisen hevdar nynorskbøkene seg like bra. Fire av dei seks siste UPrisane er gått til ei nynorsk bok.

– Dei nynorske barne- og ungdomsbøkene vekker stor begeistring når lesaren oppdagar dei, og me er særs nøgde med alle bokmålselevane som stemmer fram nynorske ungdomsbøker til Uprisen, og drar seg gjennom 400 sider nynorsk fantasy utan å mukka og blir begeistram held Trohaug fram.

Les fleire bokmeldingar her!

– Treng fleire lettlestbøker
Per i dag er det berre ei og anna Leseløve frå Cappelen Damm på nynorsk, det finst ingen lettlesserie som i heilskap er på nynorsk. Samlaget jobbar for å få fleire lettlestbøker ut. Men når bøker med berre ei tekstlinje per side ikkje kjem inn på innkjøpsordninga – dermed er det trong for andre støtteordningar eller spleiselag.

– Fleire lettlestbøker er tiltak nummer éin, held Ragnfrid Trohaug fast.

Ho ønskjer òg at fleire skule- og folkebibliotek øyremerkar midlar til kjøp av nynorsk barne- og ungdomslitteratur.

LES OGSÅ:– Likar å lura og fina lesarane

– Tenkjer ikkje så mykje på det
– Eg tenkjer ikkje så mykje på om bøkene er nynorsk eller bokmål. Det er kva som er inni som er det viktigaste, seier Jenny Anthun då Framtida.no treff henne på Voss bibliotek. Då har ho nettopp lånt ein liten haug med barnebøker – éi av dei på nynorsk; Jakob og Neikob av Kari Stai.

– Kanskje skal eg byrja å låna fleire bøker på nynorsk, seier Anthun, som sjølv studerer til førskulelærar ved Høgskolen i Bergen. Barnebøkene ho har lånt denne gongen er på pensumlista hennar.

I kroken med barne- og ungdomsbøker på Voss bibliotek er dei fleste utstilte bøkene nynorske bøker. Blant anna Klimaboka av Sigri Sandberg Meløy står der. Av dei 50 mest lånte bøkene på Voss det siste halvåret er det tre nynorske barnebøker med på lista.

– Me prøver å kjøpa inn kjøpa inn det som kjem inn på nynorsk. Av det som fenger ungane, er det ikkje så mykje på nynorsk, seier sektretær ved biblioteket, Marianne Bakketun.

– Det hender av og til at lærarar og enkelte andre spør etter bøker på nynorsk, legg ho til.

No har biblioteket byrja å merka dei nynorske bøkene med smilefjes.

LES OGSÅ: Så mange bøker blir lånt ut der du bur

Gøymer vekk bokmålsbøker
Astrid Kyte er skulebibliotekar i Valle kommune i Aust-Agder. I ein periode kvar haust gøymer ho vekk bokmålsbøkene på biblioteket.

– Det gjer me for at dei ikkje skal blanda så mykje, fortel ho.

Heile året er nynorskbøkene utstyrte med eit raudt merke slik at dei skal vera lette å finna. Biletbøkene på nynorsk for 1.-4.trinn står i ei eiga hylle.

Les siste boknytt her!

Kva meiner du skal til for at fleire skal lesa nynorsk?

Faktaboks

Sjå kva bøker som er mest utlånt på norske bibliotek hos Kikkhullet!