Landbruket vil krevje utdanning for å bli bonde

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Krev utdanning for å bli bonde

Skal du bli bonde i framtida, må du ha formell utdanning, foreslår eit utval som skal hjelpe landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) med tiltak for betre rekruttering til landbruket.

Dales eigen representant i utvalet var den einaste som vende tommelen ned for eit forslag om formell krav til utdanning tilsvarande VG3-nivå eller vaksenagronom for nye bønder.

Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Landbruks- og matdepartementet, Innovasjon Noreg, Landbruksdirektoratet og utvalsmedlemmer frå regionale styresmakter meiner derimot at eit utdanningskrav kan styrkje både status og omdømme for næringa.

LES OGSÅ: Odelsjenta får ikkje garden

Avgjerande å snu
Utvalet leverte forslaga sine til landbruksministeren onsdag. Med ein snittalder i landbruket på 54 år og berre kvar tiande bonde under 40, innser Dale at han må snu trenden å sikre framtidig norsk matproduksjon.

– Dersom ungdom ikkje ser seg tent med å satse på landbruket, vil vi ikkje ha noka landbruksnæring om nokre år, seier han.

Statsråden tar ikkje stilling verken for eller mot eit forslag om formelt kompetansekrav:

– Norske gardsbruk er generasjonsbedrifter tufta på historiske og praktiske kunnskapar om gard og grunn. Dette, saman med teoretiske kunnskapar og utdanning, må danne grunnlaget for vidare utvikling av næringa, seier han.

LES OGSÅ: 19 år og gardkjøpar

Styrkt status
Begge landbruksorganisasjonane meiner det kan vere smart:

– Norske garder leverer i dag god og trygg mat. Innføring av eit kompetansekrav vil vere ei forsikring til samfunnet og forbrukarane om at det vil vi fortsette med også i framtida, seier Bondelagets utvalsrepresentant Brita Skallerud.

Småbrukarlagets representant i utvalet, i Therese Rudi, seier at det nok kan vere delte meiningar om eit slikt forslag, men legg til at ho trur det vil føre til auka lønnsemd i tillegg til styrkt status og ei generell heving av omdømmet til jordbruket.

LES OGSÅ: Løna hindrar rekruttering til landbruket

Utløysande faktor
– Det er store moglegheiter for å skape ein interessant arbeidsplass i landbruket med utgangspunkt i garden og ressursgrunnlaget han har , seier utvalsleiar Anne Kathrine Slungård, som er administrerande direktør i Ungt Entreprenørskap.

– I rapporten peiker vi på betydninga av føreseielege rammevilkår og moglegheiter for god lønnsemd i landbruksdrifta. Kompetansen i næringa er ein utløysande faktor for å lykkast med å drive ei moderne jordbruksbedrift, fortset ho.

Slungård ser på kompetanse som eit multi-columbi egg for landbruket:

– Det bidrar til innovasjon, omstilling og gründerskap, og evna til å utnytte moglegheitene som ligg i det grøne skiftet og utviklinga av bioøkonomien, seier utvalsleiaren. (©NPK)