Lågast fråfall i Vest-Agder og Rogaland

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her har dei lågast fråfall

Mens berre 58 prosent av yrkesfagselevane gjennomfører og består utdanninga gjennom fem år, er delen 65 prosent i Vest-Agder og Rogaland, skriv Aftenposten.

LES OGSÅ: Fleire elevar fullfører yrkesfag

– Eg opplever at mange bedrifter ser at dei har eit ansvar. Dei tar inn elevar med manglande karakterar, litt lite struktur og litt meir fråvær enn ønskeleg. Dei blir møtt med fleksibilitet og god fagleg kunnskap, noko som gjer at dei faktisk klarer seg, seier fylkesutdanningssjef Arly Hauge i Vest-Agder.

Finnmark ligg desidert sist på oversikta frå Statistisk sentralbyrå. Her gjennomførte og bestod berre 39 prosent av yrkesfagselevene i 2009-kullet, rett nok ein liten auke frå 2003-kullet.

For alle linjer er det Akershus som er på topp. Her fullførte og bestod 77 prosent av elevane, tett følgt av Oslo, Vest-Agder og Sogn og Fjordane med 74 prosent. Også her ligg Finnmark sist, med 54 prosent. (©NPK)

LES OGSÅ: NAV på skular over heile landet