Lågare utslepp med nytt drivstoff

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er Norges Lastebileier-Forbund som står bak testen med drivstoffet som er blir kalla HV0100. Det er eit syntetisk biodiesel laga av vegetabilsk avfall. Sidan testinga starta har fire lastebilar køyrt nesten 150.00 kilometer og brukt 66.000 liter HV0100.

– Samanlikna med fossil diesel har dette gjeve meir enn 150 tonn mindre CO2, skriv Lastebilforbundet på eigne nettsider.

Tilbakemeldingane frå sjåførane som har køyrt lastebilane med det nye drivstoffet er gode, men mange lastebileigarar vegrar seg framleis for å bruka det. Skepsisen knyter seg mellom anna til korleis det nye drivstoffet fungerer om vinteren.

Prosjektleiar og leiaren for Lastebilforbundet, Jens Olaf Rud, meiner dette heng saman med ryktet til eldre versjonar av biodiesel og at situasjonen no er ein annan.

– Det er i alle fall tilbakemeldingane frå produsenten, seier han og legg til at det nye drivstoffet no skal testast i dei kalde vintermånadane for å finna ut om dette stemmer. (©NPK)