Lagar plate i eige studio

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ørstingen, som til dagleg er fotograf, er nemleg i gang med den første EPen sin.

– Eg gav ut ein singel i fjor sommar, og no har eg lagt ut ein song frå EPen på nettet. Planen er at det skal vere fem låtar på EPen. Korleis dei andre blir, veit eg ikkje, for det er ikkje ferdige enno. Men eg er i skjeringspunktet mellom country og pop/rock, og skriv både om lyse og mørke tema, seier Lystad Johansen til Møre-Nytt.

LES OGSÅ: Löffelmannschaft satsar hardt

Musikkstudio heime
Lystad Johansen stod på scena for første gong i andre klasse, og har hatt musikk som hobby heile livet.

– Eg har gitt ut ein demo tidlegare, men det har ikkje blitt meir enn det. For eit par år sidan kjøpe mannen min eit musikkstudio heime, og då låg tilhøva til rette for å gjere noko meir med musikken.

Ektemannen Hans-Christian Humberset er til god hjelp i arbeidet med musikken.

– Eg skriv songane og syng, og han ordnar med instrumentering og slikt. Og så kranglar vi om korleis arrangementet skal vere, seier Lystad Johansen og flirer.

På låten «Tear you up», som vart lagt på YouTube for nokre dagar sidan, er det også ei fele med. Det måtte kreative løysingar til for å få det til.

– Det er ein fyr i USA som har ei nettside der han tilbyr å legge på fele-spor på songar. Vi betalte han litt, og så laga han sporet. Det vart veldig fint.

LES OGSÅ: Ny låt frå Side Brok

Bilde erstatta musikkvideo
Sidan «Tear you up» ikkje har nokon musikkvideo, gjorde Lystad Johansen også ein vri her også.

– Eg har plukka ut nokre av fotoa mine som eg synest passar til songen, og dei nyttar eg høvet til å vise fram under songen på Youtube.

No er Lystad Johansen i full gang med å planlegge ein konsert.

– Detaljane er ikkje klare enno, men det blir i Ørsta eller Volda. Eg håper vi får det til før påske.

– Korleis skal du gjere det med instrumenta då?

– Det er noko av det eg jobbar med. Det blir med band, og eg har fått på plass nokre av instrumenta.

Les saka i Møre-Nytt.

Høyr songen og sjå Marit sine eigne bilete i vindauga under: