Lagar film om Nundalsdrapet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert hjå Porten.no. 

Ola Moen frå Årdal studerer siste året på Westerdals i Oslo, ein privat høgskule med retningar innan kunst, kommunikasjon og teknologi. På nyåret kjem han til heimbygda for å regissere ein film om ei gamal mordgåte, ein film som òg skal vere bacheloroppgåva. 

– Eg har alltid dreve med film. Eg trur eg skjønte det då eg gjekk på folkehøgskulen, at det var det eg ville drive med vidare òg, seier han.

LES OGSÅ: Har du fått med deg nye Serial? 

Filmen startar etter at drapet er begått
Filmen tek for seg det såkalla nundalsdrapet frå 1817. Historia fortel at driftekaren Eirik Høyum var på veg frå Valdres til Luster med ein god slump pengar då han etter eit uheldig møte i Nundalen miste både pengane og livet.


Filminga skal skje i Nundalen og Offerdalen i februar, her frå Haugstad gard. Foto: privat 

Drapsmannen Botolv Johannesson prøvde å skjule liket, men vart seinare avslørt og måtte stå tiltalt i Bergen tingrett. Der greidde han å kjøpe seg unna straffa, visstnok med noko oksekjøt. Men historia stoppar ikkje der. Legenda skal òg ha det til at Botolv fleire år seinare var ute på eit jorde då ein kampestein plutseleg kom etter han. Og same kor han sprang, så kom steinen etter. Til slutt vart han innhenta og slått i hel.

– Ifølge eit vitne, var det slik det skjedde. I min film kjem eg til å ta meg ein del fridomar. Den blir ikkje historisk korrekt, seier Moen.

Filmen hans startar når drapet har allereie har skjedd.

– Me følgjer etterforskaren og hans reise for å finne mordaren, seier Moen.

Ønskjer jobb i reklamebransjen 
Moen har fått høyre om historia mange gongar opp gjennom åra. Han tykkjer det er spanande å endeleg få feste ho til lerretet og til sommaren har han tenkt å følgje opp med ein dokumentar som skal vere meir trufast til detaljane. 

– Det er tøft at det er frå Årdal og det er ei unik historie, seier Moen. 

Filminga skal gå føre seg nokre hektiske dagar i februar, medan prosessen med å velje ut skodespelarar tek til rett over nyttår.

– Eg reiser til Årdal tiande januar for å finne folk. Eg castar frå Årdal og nærområda, for eg vil ha dialekten, seier filmstudenten.

Til sommaren skal han ta sommarjobb på verket før han skal ut på arbeidsmarknaden. I starten ser han for seg ein jobb i reklamebransjen.

–  Eg likar kortare prosjekt. Så eg får byrje der, så kan eg heller gå vidare seinare, seier Moen.