Lag pinne­kjøt som verdsmeisteren

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først publisert på Sunnhordland.no.

Vatn pinnane ut i min. 12 timar før dei dampast, avheng litt av kor mykje dei er salta/tørka, nokre krev opptil 24 timar. Ha dei i ein kjele med rist i botnen og vatn opp til rista. Damp under lokk i ca. 2,5-3 timer, skal sleppe beina. Betre for lenge enn for lite.

Min favoritt er å grille pinnane litt ved servering. Legg då pinnane i langpanne med feittet opp, ha dei så under grillen i 3-4 min, sånn at feittet blir litt sprøtt. Server.

SJÅ FLEIRE OPPSKRIFTER PÅ JULEMAT HER!

Kok kålrabien heilt mør, hell av vatnet og mos han saman med smør, fløyte, pinnefeitt og smak til med salt, pepar og revet muskattnøtt.

Steik grovhakka lauk blank i smøret, ha i mjølet og bland saman. Hell på pinnekrafta. Kok i 15 min og smak til med eddik og salt/pepar ev. Litt sukker.

SJÅ VIDEO: Her kan du sjå Skeie sine julemat-tips!