Kystverket vil ha ta bil-lappen frå båtsyndarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ta lappen

Regiondirektøren i Kystverket Midt-Noreg seier til NRK at det er på høg tid med ei regelendring for å redusere talet på promillerelaterte båtulukker på sjøen. Regiondirektøren vil gå drastisk til verks.

– Ein burde kople båtkøyringa til bilkøyring: Dersom ein køyrer i fylla med båt, så bør ein også miste retten til å køyre bil, seier Tronstad.

Regiondirektøren meiner det ikkje er tvil om at eit strengare regelverk vil vise seg gjennom færre båtulukker i Noreg.

– Det vil endre haldningane folk har til promille. Når me ser kor mange ulukker som skjer langs kysten, må ein finne på noko som har effekt for å få ned dødsulukkene. Med den farten som enkelte båtar har i dag, så trur eg grensa må ned også på sjøen, seier Tronstad.

I dag er det lov å ha 0,8 i promille ved båtkøyring, medan grensa er 0,2 på vegen.

Det er båtulukkene som dominerer drukningstala så langt i år. Rundt tretti personar dør i ulukker med fritidsbåt kvart år, og berre dei to siste dagane har det vore to ulukker med dødsfall. (©NPK)

KVA TRUR DU MÅ TIL FOR Å FÅ NED TALET PÅ BÅTULUKKER? BRUK KOMMENTARFELTET OG SEI MEININGA DI!