Kyrkja vil lokke unge til å bli prest

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvar fjerde prest borte om 10 år

29 prosent av prestane i Den norske kyrkja er over 60 år, og 400 skal ut i pensjon dei neste ti åra. Kyrkja vender seg no til kristne ungdomsmiljø for å sikre rekrutteringa til yrket.

Kyrkja slit allereie med å fylle prestestillingar over heile landet, og ferske 2015-tal frå Kyrkjerådet tyder på at prestemangelen vil vare ved, skriv Vårt Land.

Tala viser at 374 av totalt 1.294 prestar er over 60 år, mens 385 er mellom 50 og 59 år.

– Eg pleiar å seie at vi kan vere sikker på at kvar fjerde prest er borte om ti år, seier leiar Martin Engstad i Presteforeningen.

Les intervju med presten Mari (28)!

Direktør i Kyrkjerådet Jens-Petter Johnsen meiner at kyrkja igjen må rette rekrutteringsarbeidet inn mot dei kristne ungdomsorganisasjonane dersom dei skal klare å auke talet på prestar i Noreg. På 1970-talet rekrutterte kyrkja mange prestar gjennom eit omfattande ungdomsarbeid.

– Vi ser at 90 prosent av dei som i dag begynner på teologistudia, har tilknyting til eit kristent ungdomsmiljø. Det betyr at det er desse miljøa vi må sette inn støyten mot, for å auke rekrutteringa. Det er ei stor utfordring å fylle dei stillingane som no blir ledige, og vi er avhengige av å samarbeide med dei ulike organisasjonane og institusjonane som har tilknyting til kyrkjeleg utdanning, seier han. (©NPK)

LES OGSÅ: Vil bruke livet sitt i kyrkja