Kvite løgner gir sterke venskap

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er Livescience.com som skriv om ein ny studie, der forskarar ved eit finsk universitet syner skilnadane mellom å fortelje ulike typar løgner.

Dersom ein lyg av dei rette årsakene, kan løgner faktisk styrke samhaldet mellom menneske. Men kva er dei rette årsakene?

LES OGSÅ: Du kan faktisk døy av hjartesorg

Lyg du for å dekkje over handlingar eller få ting på din måte, er det ikkje særleg sannsynleg at løgnene vil hjelpe relasjonane dine. Denne typen løgner, som vert kalla asosiale løgner, er destruktive og svekker relasjonar.

Lyg du derimot for å hjelpe ein annan person eller verne om nokon sine kjensler, er det ofte bra for relasjonane. Slike kvite løgner, eller prososiale løgner, kan altså verke å ha ein heilt motsett effekt.

LES OGSÅ: Difor er byen varmare enn bygda

For å kunne studere korleis ulike typar løgner påverkar sosiale relasjonar, utvikla forskarane ein kompleks matematisk modell.

Modellen synte at personar som fortel asosiale løgnar, vert isolerte frå andre i sine sosiale nettverk over tid.

Personar som fortel prososiale løgner, derimot, vert ikkje isolert frå sine grupper. Tvert om, desse synte seg ofte å danne sterke relasjonar med andre menneske.

LES OGSÅ: Hunden din blir faktisk sjalu