Kvite damer til å passe barn, brune damer til å vaske hus

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Brune damer til å vaske hus

Saka var først publisert hjå KILDEN kjønnsforskning.no.

«Eg kom ikkje hit for å arbeide, eg kom for å vere ein familiemedlem. … Eg føler meg ikkje som ein familiemedlem fordi for dei er eg berre ein billeg person … Eg er billegare enn ei barnevakt og ei vaskehjelp. […]»

«Gabriela», ei kvit middelklassekvinne på 18 år frå Sentral-Europa, nytta au pair-ordninga som eit friår før ho skulle byrje å studere.

Hennar føremål med å vere au pair var kulturutveksling, men ho vart behandla som ei hushjelp av vertsfamilien sin. Dette gjorde ho frustrert og sinna. Gabriela var meir interessert i å passe barn.

‒  Ho meinte vertsfamilien burde skaffa seg ein filippinar, viss det var hushjelp dei ville ha, fortel Elisabeth Stubberud.

LES OGSÅ: – Ikkje fortell læraren at du er åleine

Ein litt finare au pair
Stubberud har i avhandlinga si studert korleis utbreidde førestillingar og idear om au pairar som sirkulerer i Noreg påverkar au pairane sjølv, og korleis dei forstår og forhandlar sin eigen situasjon.

Ifølgje forskaren opplevde Gabriela at vertsfamilien plasserte henne for lågt på den sosiale rangstigen, saman med dei filippinske hushjelpene, som ho meinte ho ikkje hadde noko til felles med. Gabriela meinte at ho passa best til å passe barn, medan filippinarane eigna seg til husarbeid.

At ho som kvit middelklassekvinne likevel vart sett til husarbeid såg ho på som degraderande.

‒ Gabrielas utsegn er basert på ei utbredt førestilling om kva slags arbeidsoppgåver forskjellige grupper passer til, basert på rase og etnisitet, seier Stubberud.

Det var berre dei kvite informantane til Stubberud som snakka eksplisitt om tap av status på denne måten.

LES OGSÅ: Utnyttar au pairen

Tenarskap med låg status
– Når dei kvite europeiske damene kommer til Noreg og oppdager at dei i praksis er tenarskap, og at dei får lågare status enn vertsfamilien sin, blir dei overraska, fortel Stubberud.

– Dei brune damene, sjølv om dei óg tilhøyrer middelklassen i heimlandet sitt, er gjerne kjent med konseptet frå før. Dei har kjent marginaliseringa på kroppen allereie. Deira lågstatus kjem både av arbeidet som au pair og det at de ikkje er kvite.

Kulturelle og rasistiske stereotypiar om au pairar sirkulerer også i vertsfamiliane til au-pairane, ifølgje Stubberud.

‒ Stereotypien om den stakkars fattige au pairen har ikkje nødvendigvis så mykje med røynda å gjere. Men dei som kjem må halde seg aktivt til desse utbreidde førestillingane.

Brune damer med kvite barn
Dei fleste au pairane i Noreg finst i Austlands-området. Her finst også dei største nettverka for mange au pairar. Til dømes er dei katolske kyrkjene viktige møteplassar for au pairar frå Filippinane, den største gruppa registrerte au pairar i Noreg.

Stubberud var på si side opptatt av å kome i kontakt med au pairar som jobba utanfor dei større byane, som ofte ikkje hadde tilgang på eit sosialt nettverk omkring seg.

‒ Eg kunne hengt i parkane på Frogner og berre intervjua brune damer med kvite barn. Men det er noko anna å kome som au pair frå Ukraina til ei lita bygd enn til det filippinske miljøet i Oslo. Det sosiale nettverket utanfor familien kan vere viktig for kva for forhandlingsmoglegheiter au pairen har i familien, seier Stubberud.

Hennar forsking er basert på kvalitative intervju med 15 noverande eller tidlegare au pairar busett på ulike stader i Noreg, samt deltakande observasjon hos familiar med au pair. Halvparten av au pairane er frå EU-land, halvparten er frå land utanfor Europa. Alle tilhøyrer middelklassen i landa dei kjem frå.

Stubberud har også gjort ei analyse av tv-dokumentarar som set søkjelys på ordninga.

LES OGSÅ: Torsteins kjærleiksbarn

«It’s not much»
Tidlegare forsking har dokumentert at au pairar flest i Noreg ikkje berre jobbar, dei jobbar mykje – i blant langt meir enn dei avtalte 30 timane i veka, for ei svært låg lønn i norsk målestokk.

Likevel underkommuniserte somme av au pairane Stubberud intervjua betydinga av arbeidet dei gjorde. «It’s not much», var ei setning som gjekk att i intervjua.

Forskaren meiner utsegna må sjåast i samanheng med at både det å gjere husarbeid og å vere arbeidsinnvandrar har låg status.

‒ Ideen om at au pair-ordninga dreier seg om kulturutveksling gjer at au pairane kan unngå desse stigmaa, og i staden fokusere på at ein lærar språk, passar barn eller tek eit friår, seier ho.

Ho meiner at det er viktig å vere klar over at dei som kjem til Noreg som au pairar også har forskjellig motivasjon. Alle au pairar ser ikkje på seg sjølv som arbeidstakarar.

‒ Dei fleste av dei eg intervjua hadde forskjellig type motivasjon, som gjerne endra seg underveis i opphaldet. Ei blanding av utferdstrong, ønskje om friår, interesse for Noreg, ønskje om å tene pengar. Nokre syntes au-pair ordninga var en billig måte å reise på, andre såg på ordninga som ein migrasjonsmoglegheit der målet var permanent opphaldsløyve i Noreg.

Arbeidstakar og familiemedlem
Men uavhengig av kvifor au pairane kjem, på grunn av kultur eller moglegheit for migrasjon, så kjem dei ikkje unna dei ibuande motsetnadene i den omstridde au-pair ordninga, ifølgje Stubberud.

Au pairar er ikkje arbeidsinnvandrarar, men dei jobbar likevel. Dei får lommepengar – ikkje lønn, men betaler likevel skatt til staten. Sjølv om dei gjer husarbeid, er dei ikkje hushjelper. Dei får tilbod om norskkurs, men norske myndigheiter forventar samstundes at dei reiser tilbake til heimlandet når visaperioden er over. Dei er heimeverande, men ikkje i sin eigen heim.

‒ Tvisynet i regelverket set au pairen i ein veldig vanskeleg situasjon, fordi ho verken er arbeidstakar eller familiemedlem, kone, syster eller tenar, men kanskje alt dette på same tid, seier Stubberud.

Likestillingsubehag
Ifølgje forskaren vekkjer au pair-ordninga eit visst ubehag i møte med norske likestillingsidealer.

Au pairen forstyrrar kjønnslikestillinga ved å minne oss om at norske kvinner framleis gjer meir husarbeid enn menn, ifølgje Stubberud.

‒ Det er ikkje damene sitt husarbeid au pairen erstattar, det er mennene sitt. Det er berre å sjå på tidsbruksundersøkingane til Statistisk sentralbyrå, som viser at kvinner framleis gjer meir husarbeid enn menn.

‒ Men det blir ikkje meir likestilling av at du får ei anna dame, som ikkje er norsk statsborgar, til å gjere husarbeidet.  Argumentet om at au pairen skal sørgje for likestilling for kvinner i krevjande jobbar, kviler på at au pairen ikkje tel i den norske likestillingsrekneskapen, seier Stubberud.

I ei klasse for seg
Au pairen forstyrrar også den norske likskapstankegangen når det gjeld klasse.

Stubberud meiner det er forbunde med skam å ha hushjelp i Noreg fordi det bryt med den norske likskapstankegangen.

At nokon er i posisjon til å sette andre til å gjere arbeid dei ikkje vil gjere sjølv, handlar om at dei har pengar til å gjere det.

‒ Ved å vektlegge kulturutvekslingsaspektet kamuflerer ein både arbeidsaspektet og dimed også klasseulikskapen mellom vertsfamilie og au pair.

Denne klasseulikskapen er i tillegg eit produkt av situasjonen: au pairen beveger seg nedover i hierarkiet, trass middelklassebakgrunn. Vertsfamiliens klasse blir etablert ved at dei betaler ein annen for å gjere «dritjobbane» for seg.

‒ Ikkje barnepass, som har relativt høg status i Noreg, presiserer Stubberud.

‒ Klasse skapas når lågstatusjobbar som husvask og klesvask settes ut.

Illusorisk likskap
Au pair er fransk for «på like fot». Stubberud meiner at ei slik førestilling er illusorisk.

‒ I det ein part står i posisjon til å kommandere ein annan part til å gjere arbeid som den andre parten ikkje vil gjere, er det vanskeleg å oppretthalde likevekt og likt forhandlingsgrunnlag, seier Stubberud.

‒ Så dei au pairane som faktisk kjem for kulturutvekslinga si skuld møter ofte ei anna røynd?

‒ Ja. Somme av dei snakka om ei avmakt. Ei fekk beskjed frå vertsfamilien at dersom ho ikkje likte det, så kunne ho berre dra. Men det er ikkje alltid ein au pair berre kan dra.

Opphaldsløyvet i Noreg er avhengig av at ein er knytt til ein vertsfamilie, og gebyret for å søkje ny vertsfamilie er 2500 kroner – ei halv månadsløn for ein au pair, fortel Stubberud.

‒ Vi står alle i ein avhengighetsrelasjon til arbeidsgivaren vår. Men som arbeidstakarar har vi i alle fall høve til fagorganisering.  Vi har kollegaer, og sjølv om det er kjipt på jobben, kan vi skru av når vi går heim frå jobb – og vi kan gå heim frå jobb. Au pairane er ofte utan nettverk, utan familie, potensielt heilt utan støtte i eit framandt land.

‒ Avvikling er ikkje løysinga
Tidlegare i år tok LO og Senterpartiet til orde for å avvikle au pair-ordninga, fordi dei meiner vertsfamiliar utnyttar au pairar, og misbrukar ordninga til å skaffe seg billeg hushjelp. 

Stubberud meiner at au pair-ordninga ikkje fungerer etter føremålet, men at avvikling likevel ikkje er vegen å gå.

‒ Dette er ein av dei få tilgjengelege visumkategoriane for kvinner frå det globale sør som vil til Norge. Det er ikkje greitt å berre fjerne den. Dessutan går det ikkje an å forby folk frå EU frå å kome. Storbritannia har alt forsøkt, og der er det opp mot 90 000 europeiske au pairar som jobbar under fullstendig deregulerte forhold.

Kall det arbeid og gje dei rettar
Stubberud meiner at ein anten må reindyrke kulturutvekslingsaspektet, ved å redusere arbeidstida kraftig, for eksempel til 1,5 time per dag.

‒ Dersom ein elles held på lommepengane, norskkurs og fri kost og losji hamnar ein omtrent på timelønna til ein ufaglært reinhaldar eller barnehageassistent.

‒ Er dette er mogleg å gjennomføre?

‒ Nei, det tvilar eg på.

‒ Alternativt kan ein kalle det au pairane gjer for arbeid, og gje dei rettar på linje med vanlege arbeidstakarar. Visumet må gjerast uavhengig av vertsfamilien, slik at dei ikkje treng å bu hos vertsfamilien, og dei må få høve til å fagorganisere seg for å styrke rettane sine, seier ho.

‒ Denne løysinga er mykje meir politisk komplisert fordi den krevjar at ein i praksis opnar opp for ufaglært arbeidsinnvandring.

Men det er dette alternativet forskaren ser mest moglegheiter i.

‒ Det handlar om at eg meiner vi må oppvurdere statusen til hus- og omsorgsarbeid. Og at det å anerkjenne au pairars arbeid som vanleg arbeid er ein måte å bevege seg i rett retning på.

Faktaboks

Referanse:

Stubberud, Elisabeth, Au pairing in Norway – the production of a (non) worker (2015), Det humanistiske fakultet, NTNU.