Kvinnestipend til kunstprosjekt

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den unge kunstnaren Mailind Solvind Mjøen er tildelt Norges Bygdekvinnelags kvinnestipend for 2013 til å vidareutvikle det pågåande kunstprosjektet «The biggest minority in the world».

LES OGSÅ: Nettstafett for å samle tradisjonsmat

I hundre
Kvinnestipendet vert delt ut årleg, men i år er det spesielt knytt til stemmerettsjubileet, som Bygdekvinnelaget feirar under slagordet: Kvinnestemmer i 100.

– Retten til å ta plass og bli høyrd der makta finnes, er eit utruleg viktig og dagsaktuelt tema, meiner stipendvinnaren.

– Av dei ni søknadane som kom inn var det Mjøen sin søknad som passa kriteria best, fortel Ingrid Grene Henriksen, organisasjonskonsulent i Bygdekvinnelaget.

LES OGSÅ: Jublar for verneplikt for kvinner

Nordiske kvinner
I utlysinga stod det at arbeidet måtte vere knytt opp mot den samfunnsmessige og historiske viktigheita av at norske kvinner fekk stemmerett i 1913. Eventuelt kunne det løfte fram lokale pionerkvinner gjennom hundre år, skriv Bygdekvinnelaget på sine nettsider.

Med seg på laget har Mjøen kvinnelege kunstnarar frå heile Skandinavia. Mellom desse er norske Jannicke Låker, den islandske kunsttrioen The Icelandic Love Corporation og den feministiske danske kunstnaren Kristen Justesen.

LES OGSÅ: – Kunstens Messi

– Må ikkje gløyme
Mjøen meiner at me framleis har ein veg å gå når det gjeld kvinners rett til å verte høyrd, sjølv om me er kome langt i Noreg og Norden.

– Me skal heller ikkje gløyme resten av verda og stemmene som aldri vert høyrd. Det er òg vårt ansvar å vere bevisste på det.