Kvinner veit mindre om politikk enn menn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er forskarar ved University of London som har samanlikna ti land i ein ny studie. Noreg er eitt av dei.

– Gapet mellom kunnskapen til menn og kvinner er større i Noreg, som er eitt av dei mest likestilte landa i verda, enn i Sør-Korea, som er rangert mykje lågare, seier James Curran, ein av forskarane.

I nyheitssakene på fjernsyn i dei ti landa er det berre 30 prosent av kjeldene som er kvinner. Forskarane lurer på om dette kan vere ein grunn til at det politiske kunnskapsgapet står ved lag.

LES OGSÅ: Færre kvinner stiller på topp