«Kvil i fred på begge sider»

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For to år sidan kunne Framtida.no fortelje om kva som skjedde då Kystverket bestilte to kaker med teksten «God Jul» på begge kakene. (Sjå bildet over!)

LES SAKA: Bestilte to kaker – fekk éi med denne teksten

– Det blei god humor av heile greia. Men det blei òg ein god tankevekkar for oss, sa losen Hans-Lennart Sævik ved Kystverket.

– Det er eit godt eksempel på dårleg kommunikasjon, når det blir så totalt misforstått. Som losar jobbar me med kommunikasjon heile tida. Me må tenke over kva ordrar me gir, og om dei blir forstått av mottakaren, sa Sævik.

Historia har fått ein ny opptur igjen på sosiale medium no før jul.

Men kaka er langt frå åleine som døme på språklege misforståingar.

LES OGSÅ: Kan du over 100 ski-ord?

Misforstått bårekrans
Arne Nilsen Anthi har tipsa oss om denne historia med språklege forviklingar:

«Det var ei dame på Senja som gjerne ville får ordna med krans til ei båre. På ein laurdag ringte ho til blomsterforretninga. Ein laurdagsvikar var på vakt.

– På kortet skal du skrive Kvil i fred, på begge sider. Så skal du skrive på kortet på baksida: vi møtest i himmelen, viss det blir plass.

På begravelsesdagen var kona til stades, og ville titte om ho såg kransen ho hadde ordna med.

På kortet stod det å lese; «Kvil i fred på begge sider».

Og på baksida: «Vi møtest i himmelen viss det blir plass».

LES OGSÅ: Planter kan «høyra» at dei blir spist

Livsviktig komma
Språkmann og tidlegare redaktør Per Egil Hegge gav i 2010 ut boka «Heng ham ikke vent på meg». Der gjev han fleire døme på kor viktig det er å vera medviten på korleis ein bruker språket.

Eit lite komma på feil stad kan få katastrofale følgjer for den det gjeld. Forskjellen på «Heng han, ikkje vent til eg kjem» og «Heng han ikkje, vent til eg kjem» er livsviktig.

LES OGSÅ: – Stikk på pungen er ikkje verst

Har du gode døme på språklege forvirringar? Del dei med oss i kommentarfeltet!