«Kvifor tar de ikkje orda og vitnemåla på alvor?»

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Kvifor tar de ikkje vitnemåla på alvor?»

kor mange vitne trengst det spør ein i nokre land
kor mange fortolkarar spør ein i andre
eit nei er ikkje eit nei om det kjem frå ei kvinnes munn
om ein mann kan hevde at ho meinte noko anna
at menns ord om kvinners ord
framleis veg tyngre enn det kvinner seier
at ein ikkje kan bli dømd om ein ikkje visste
om ein ikkje kan bli dømd om ein ikkje trudde
at det stadig er mannens medvit som blir frikjent
og handlingane ikkje dømde

det eroderande i dommar som denne
er også tilliten til språket: kvifor skal ein skrive
dikt eller kronikkar eller debattinnlegg
om det ikkje speler noka rolle
kva eg eller venninna eller søstera mi seier
i situasjonar som denne

søster mi er ti år no
om fem år er ho femten
som jenta i rettsaka, fem år

kva kan vi gjere på fem år?
kva kan vi gjere på ein dag, ei veke
kva kan vi gjere etter å ha samla oss
tusenvis på gater og torg og protestert
og spurd: kvifor høyrer de oss ikkje?
kvifor tar de ikkje orda og vitnemåla
på alvor?

om ei kvinnes ord ikkje er nok
kan orda våre vere nok saman
om vi skrik det, messar det, mumlar det
kviskrar det i svevne
til fedrane, brørne, sønene, døtrene

om det ikkje speler noka rolla kva vi seier
må vi seie det og seie det og seie det
for å likevel håpe det blir forstått
 

Les også: Kva tryggleik kan me som kvinner føle?