Kvifor bur vi her?

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Å flytte heim, det er det  mange av oss distriktsungdommar som skal. Spesielt i romjula når vi nærmar oss botnen av akevittflaska, vi tumlar ute i lyse juninetter, eller vi er på skitur i påska. Distriktsdebattar er slik vi nordmenn elskar, og elskar å hate. Rovdyr, monstermaster, jordbruksoppgjeret, sjukehussamanslåing, er nokre av distriktsdebattane. Det handlar om at bygdene får for lite støtte, at bygdene har eit sugerør inn i statskassa, at alle i Oslo er dumme, at alle i Oslo trur alle utanfor Oslo trur dei er dumme. Det handlar om tilflytting, fråflytting, og korleis ein skal få folk til å bu i bygde-Noreg.

Kvar ein knaus i distrikts-Noreg, er opptekne av at folk lyt busette seg nett der. Distrikta marknadsfører seg sjølve, med stands, glansa brosjyre og fjonge nettsider. Dei lokkar med tomter, vakre fjell, barnehageplassar, endå fleire fjell og god stemning. Det går i velkomstlov, fine bilete, sansing og slagord. Mi heimkommune er Vill og vakker, trekkjer det fleire folk enn nabokommunen, som er Ein god stad å bu?

I distriktet skal ein verkeleg leve det gode liv, helst litt utradisjonelt. Ein ha eit band, blogge, eller servere caffe latte (eg veit caffe latte er eit oppbrukt bilete, på noko ein trur er urbant eller berre i tida) Sjølv om eg ikkje likar sansinga i dei glansa brosjyrane, har eg ein nasjonalromantisk draum, med folkemusikk, låvebruer, småruta glas og blomar i håret. Eg vil leva i heimbygda mi på 1950-talet, eller kanskje helst 1850-talet. Andre har kanskje ein heilt anna draum om livet på bygda, om det handlar om kino på låven, elgjakt eller snowboard.  
Kanskje er mange bygder i  ei identitetskrise? Nesten som 30-årskrisa eller tenåra. Eg trur vi bør seie til bygda, slik den kloke faren, trenaren i lilla collegegenser eller læraren, seier i tenåringsfilmen, – vær deg sjølv, så kjem alle til å elske deg for den du er. Kanskje skal bygdene ha fokus det dei har? Grusvegar, tidligare lærarar som gjev deg ein klem på butikken, ein bensinstasjon der folk heng og mange grøne traktorar, er noko av det Vang har, i tilegg til alle fjella.

Det er ikkje glansa brosjyre og slagord, som gjer at du vil bu i bygda. Heller ikkje at det vert kastar pengar, barnehageplassar og pins etter deg. Eg trur det handlar om menneska. Det er kjentfolk på samvirkelaget(sjølv om det har hitt coop lenge no), bibliotekaren som veit kva du leiter etter eller naboen du kan stikke innom. Eg lyt juble meir for personen som vil lage snowboardfilm eller servere caffe latte. Bygdefolk lyt opne døra litt meir, til rommet for ulike liv. Om ein er byråkrat, prest eller kunstarsjel. Om ein drikk champagne eller surmjølk. Om kaffien kjem frå presskanne eller kjel. Bygdene sin største ressurs er menneska som bur der.

Det er menneska det er verdt å flytte attende til. Det er dei som alltid har kjend deg, dei du gjekk heim med frå skulen, og dei du ikkje har møtt enno. For meg er det er dei som lever litt slik eg drøymer om, eller kanskje dei som lever på ein heilt annan måte.
Eg trur distrikta lyt respektere levevis og draumar, for å respektere seg sjølv. Bygdene lyt stå for mangfald, for å overleve!

 

Kva meiner du må til for å snu flyttestraumen frå distrikta?