Kven skal snakka unge si sak?

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

I innlegget «Vi trenger ikke bare de helt voksne» forsøkte tidlegare barneombod Trond-Viggo Torgersen å slå eit slag for stemma til ungdom i samfunnet. Generalsekretær Martin Østerdal i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar svarte tidlegare i veka med kronikken På vegne av ungdom, der han mellom anna viste til at Torgersen har hevda at barne- og ungdomsorganisasjoner berre snakkar på vegne av eit smalt elitistisk sjikt av ungdommen.

”Engasjert ungdom er visst ikkje «ekte nok» for Torgersen”, skriv Østerdal.

– Kven er ”ekte” ungdom?

– Eg er usamd i premisset for spørsmålet. På politikkområdet snakkar ein stadig om kven som er ekte ungdommar. Det blir som ein i ein skattedebatt skulle snakka om kven som er dei ekte bedriftene, eller i ei sak om pensjon skulle snakka om kven som er dei ekte pensjonistane. Kvifor slepp ein alltid unna med det når det er snakk om ungdom? spør Martin Østerdal.

Skal ein laga representative medverknadsorgan for ungdom, må det vera ungdommen sjølv som lagar dei. Og dei som er der må ha mandat frå ungdommen. Ein kan rekruttera frå ungdomorganisasjonar, elevråd, allmøte eller fritidsklubbar. Det er dette som er representativitet. 

– Men det er forskjell på å høyra nokre ungdommar, og å høyra på ungdommen, understrekar Østerdal.

LES OGSÅ: Utvida demokrati gav auka valdeltaking

Ungdommens storting
4. og 5. mars blir Ungdommens storting 2013 arrangert. Kvart fylke vel ein ungdom som møter, i tillegg har 36 ungdommar som har søkt om å få delta blitt plukka ut til å delta.

Martin Østerdal er kritisk til måten Ungdommens storting skal representera andre ungdommar.

– Det er for tilfeldig kven som er vald ut til å delta, og dei som møter har eit for svakt mandat frå ungdom.

– I kronikken din på NRK Ytring etterlyser du representative organ lokalt, regionalt og nasjonalt. Lokalt og på fylkesnivå er det fleire ungdomsråd og ungdommens fylkesråd som fungerer. Kva vil vera det beste på nasjonalt nivå?

– Eg meiner at barne- og ungdomsorganisasjonane er mykje betre medverknadsorgan. Ein må ha nokon som er med i prosessane, følgjer med og passar på at det blir gjennomført. Det er ingen slike strukturar i Ungdommens storting, seier Østerdal til Framtida.no.

LES OGSÅ: Vil gje stemmerett til babyar

– Innfør stemmerett for 16-åringar
– Burde det vera eit felles nasjonalt medverknadsorgan for ungdom?

– Då trur eg ein har tapt. Burde det vera eit felles nasjonalt medverknadsorgan for alle vaksne? Eg trur det ville vera veldig vanskeleg å bli samde om sakene ein vil kjempa for, seier Østerdal.

– Den beste måten ein kan få reell påverking på er gjennom innføring av stemmerett for 16-åringar, understrekar han.

Då Trond-Viggo Torgersen la fram konklusjonane til Ungdommens maktutgreiing for vel eitt år sidan, gjekk han mot stemmerett for 16-åringar.

– Det er fascinerande å sjå korleis han no forsøker å framstå som den fremste forkjemparen for ungdomsinnflyting, samtidig som han aktivt stemte mot det viktigaste tiltaket som kan gi ungdom reell makt, når han sjølv har fått ein maktposisjon som utvalsleiar, seier Østerdal.

LES OGSÅ: Er stemmerett for 18-åringar katastrofal?

Trond-Viggo Torgersen var ikkje tilgjengeleg for kommentar då me kontakta han og presserådgjevaren hans fredag.

Korleis meiner du ungdom skal bli høyrt? Bør yngre ungdommar òg få stemmerett? Og korleis kan medverknadsorgan som ungdomsråd eller Ungdommens storting blir meir representative?