Kven er Noregs mest sexy nynorskbrukar?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kven er mest sexy nynorskbrukar?

 – Det starta som eit artig påfunn i magasinet vårt Motmæle, like før helga. Responsen har allereie vore langt større enn venta, og me har fått inn over 150 forslag, seier Anne Straume i Norsk målungdom.  

Inspirert  
Ho fortel at det var Språkåret som fekk dei inn på tanken om arrangera kåring.

 – Ein ser jo ofte at VG og Dagbladet kårar den mest sexy skodespelaren, mannen eller kvinna. I høve språkåret tenkte me difor at det ville vera artig å gjera noko tilsvarande. Me vil få fram at det finst mange sexy nynorskbrukarar der ute.  

Mellom namna som til no er foreslegne, finn ein Yngvar Andersen, Sveinung Rotevatn, Eli Kari Gjengedal og Are Kalvø.  

– Også mindre kjende namn kan nominerast, seier Straume.  

LES OGSÅ: Vil ha statsministeren i språkdebatt

Snakkis på nett  
På sosiale medium har folk byrja engasjera seg i kåringa.  

– Eg har merka meg at det har vore mykje snakk om kåringa på både Twitter og Facebook. Ein av dei nominerte, Terje Kjøde, har dessutan fått sin eigen hashtag på Twitter, nemleg #sexyterje.

 – Korleis har tilbakemeldingane vore?  

– Dei fleste tykkjer det er eit bra initiativ. I høve kvinnedagen, og at det er 100 år sidan kvinnene fekk stemmerett, har me fått høyra frå ei at det er lite feministisk. Men for oss gjeld jo denne kåringa både menn og kvinner, så me føler det går greit.  

Det er første gong kåringa blir arrangert, og målungdomen kan lova premiering.

LES OGSÅ: Språket som forandra musikk-Noreg

 – Me vil gå igjennom nominasjonane fylke for fylke, før ein jury kårar ein vinnar mellom desse. Vinnarane vil truleg få eit diplom, samt mykje heider og ære.  Forutan merksemda rundt kåringa i helga, har fleire fått augo opp for Norsk Målungdom den siste tida.  

– I fjor hadde me ei medlemsauke på 25 prosent, fortel Straume.  

Her kan du nominera kandidatar til kåringa.

Les saka i Sogn Avis!