Kva er koplinga mellom hard musikk og komplisert logo?

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Forskning.no skriv i dag om det danske forskingsprosjektet som skal ta føre seg samanhengen mellom musikken og logoane i metallmiljøet. Fram til januar skal forskarane ved Syddansk Universitet analysera logoane, og finna samanhengen med musikken.

LES OGSÅ: – Hardingfele er balsam

Meir enn auget ser

– Det ligg mykje meir under overflata her. Nokon meiner musikken er skiten og primiv, men alle kan sjå at logoane er raffinerte, seier Vitus Vestergaard til forskning.no. Han er adjunkt ved institutt for kulturvitskap ved Syddansk Universitet.

LES OGSÅ: Lyden av sommarmånadane

Saman med eit forskarteam skal han sjå korleis metallogoane blir påverka av musikken dei viser til. Det er nærast standarden for metallband med store, omfattande logoar – no vil forskarane finna ut kvifor.

Du kan lesa meir om prosjektet her.