Kunstig intelligens – venn eller fiende?

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 08.02.2018 17:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er du redd for at datamaskiner skal ta over verda? Kunstig intelligens kan vere skremmande, men dei får oss også til å tenke.

Det finnast fleire eksempel der maskiner berre vil det beste for menneske. Nokre gonger er datamaskinene til hjelp når vi treng det. I politietterforsking vert kunstig intelligens nytta for å finne fram til relevant informasjon om èin eller fleire forbrytarar.

Maskinene sorterer store mengder data, til dømes DNA-bevis, GPS-lokasjonar eller spor av økonomiske transaksjonar, og er ofte sentrale i rettsaker. Kunstig intelligens er ein viktig, om taus, støttespelar i slikt arbeid.

God underhaldning
Men kva skjer når teknologien kjem i gale hender, eller når den kunstige intelligensen tek saka i eigne hender? Noko av det som skjer kan vere god underhaldning, og kunstig intelligens speler ofte rolla som skurk i film og TV.

I mange filmar finn vi maskinene i par, ein «good guy» og ein «bad guy» i ein konflikt som får konsekvensar for menneska rundt dei.

Her er nokre av dei viktigaste kunstige intelligensane på film og TV:

Skynet og Terminator – «The Terminator» (1984)
I filmen om tidsreiser, kyborgar og målet om å gjere Sarah Connor gravid, er Skynet eit medvetent datasystem som finn det for godt å drepe alle menneska til det beste for jordkloden. Omgrepet Skynet er no også ein beskrivelse av tungvinte datamaskiner og prosessar som motarbeider framgang, slik som Windows 10. (Sjekk for øvrig ut google-søket Skynet Meme.)

Cybermen – «Doctor Who» (2005 – )
Cybermenna har eitt mål: Å oppgradere alle menneske til å bli like seg sjølv. «Oppgraderinga er obligatorisk», messar den metalliske stemma. Med sci-fi-effektar i gjenkjennbar Doctor Who-stil er blikkboksane både underhaldande og faretruande. Det endar sjølvsagt (nesten) alltid godt.

Fembots – «Austin Powers: International Man of Mystery» (1997)
Sju blonde kvinner prøver å gjere slutt på Austin Powers i parodifilmen frå slutten av 90-talet. Kvinnene er robotar som mellom anna har bryst som skyt kuler og giftgass. Dei vert likevel utmanøvrerte av Powers sin eigen sexy-dans, komplett med sigarettar, brysthår og truse med det britiske flagget på.

VIKY og Sonny – «I, Robot» (2004)
Will Smith og roboten Sonny møter stor motstand i VIKY og alle robotane ho kontrollerer. «You cannot be trusted with your own survival», forklarar VIKY. Ho har fortstått alvoret i ansvaret for å sørge for at menneska ikkje døyr. I hennar verd tyder det at nokre menneske må ofrast, og dei som lev att må gi frå seg nokre fridommar. «Vi må redde dykk frå dykk sjølve», seier ho. Antihelten Sonny er den einaste av robotane som ikkje vert påverka av VIKY, og som i staden opptrer som ein person med kjensler og sjølvforståing.

Agent Smith og maskinene – «The Matrix Trilogy» (1999-2003)
Glitrande spelt av Hugo Weaving i dei tre filmane frå rundt år 2000, er Agent Smith den fysiske representasjonen av programvaren som kjempar mot helten vår, Neo, spelt av Keanu Reeves. Utanfor The Matrix, i røynda, er maskinene tenkande vesen som samarbeider i forsøk på å halde motstandskampen nede. Det går som det ofte går, med unntak av at helten ikkje får heltinna denne gongen.

H.A.L. 9000 – «2001: A Space Odyssey» (1968)
«Eg er lei for det Dave, men eg er redd eg ikkje kan gjere det», seier HAL, maskina som tek kontroll over romskipet i Stanley Kubrick sin klassikar frå 60-talet. Av mange rekna som den beste filmen om kunstig intelligens, snart 50 år seinare. Eventuelle likskapstrekk mellom HAL og Siri er heilt tilfeldige, får vi håpe.

AUTO og Wall·E – «WALL·E» (2008)

Denne animasjonsfilmen frå Pixar er kanskje mest kjent for å la det gå heile 40 minutt før vi høyrer ei menneskeleg stemme. Wall·E fell pladask for Eve, og følger etter henne tilbake til romstasjonen som er heimen til alle mennenska etter at dei flytta frå ein jordklode overfylt av søppel. Filmen inneheld også ein nokså utspekulert kunstig intelligens kalla AUTO. Fast bestemt på å ikkje reise tilbake til jordkloden, overtek AUTO ansvaret som autopilot og tek styringa over alle menneska ombord.

Ava – «Ex Machina» (2015)
Alicia Vikander gjer rolla som den humaniode roboten med kunstig intelligent (Ava) med stålkontroll på andlet og kropp, og gjer at publikum strevar med å sjå roboten som noko anna enn ei ung kvinne. Ava lurer både skaparen sin, testaren og publikum, og filmen tek stadig nye vendingar. At sjåarane heiar på roboten, og synest synd på maskiner som vert påført smerte, plasserer filmen midt mellom AI som ven og fiende.

Dolores – «Westworld» (2016)
Storsatsinga til HBO, basert på ein film frå 70-talet byr på vanskelege moralske dilemma. I ein opplevingspark er det 1500 vertar, maskiner som ser ut som meg og deg, laga for underhaldning og fornøyelse. (Norske sjåarar kan gle seg over at ei av dei er spelt av Ingrid Bolsø Berdal.) Dei besøkande betaler i dyre dommar for å drepe og ligge med flest mogleg av vertane, som ikkje hugsar noko frå dag til dag. Før no. Noko er i endring i parken, og fleire av vertane, inkludert Dolores, spelt av Evan Rachel Wood, startar på ei oppdaging av seg sjølv og meininga med livet.

Baymax – «Big Hero 6» (2014)
I framtidsbyen San Fransokyo møter vi Hiro Hamada og roboten Baymax. Sjukepleiarroboten Baymax er stor, kvit og fluffy, ein perfekt ven og skulder å lene seg mot. Hiro, Baymax og dei høgteknologiske vennene deira (gjengen kalla Big Hero 6) må slåss mot ein ukjent mann som truar med å øydelegge byen deira.

Samantha – «Her» (2013)
Joaquin Phoenix sin karakter Theodore vert forelska i operativsystemet Samantha, som Scarlett Johansson har stemma til. Når Theodore oppdagar at Samantha også har eit forhold til dei andre brukarane hennar, mistar han fotfestet. Filmen vann Oscar for beste manus.

Marvin – «Haikerens guide til galaksen» (2005)
«Sånn er livet,» seier Trillian. «Livet? Ikkje snakk til meg om livet,» svarar Marvin. Han gir vidare eit nedtona nei på spørsmålet om kunstig intelligente robotar er lukkelege. Men på reisa gjennom rommet, er det til slutt Marvin som reddar dagen. Han sjølv er ikkje nøgd med det.

C-3PO og R2D2 – «Star Wars Episode IV – A New Hope» (1977)
Ei liste over kunstig intelligens er ikkje komplett utan radarparet C-3PO og R2D2. R2D2 snakkar maskin-språk («biipblop»), og C-3PO omset til glede for publikum og dei andre karakterane. I eit humoristisk og varmt tospann er dei to droidane ein viktig del av universet Star Wars. Om nokre månader er det klart for ny film, men denne gongen utan radarparet i blått, kvitt og gull.

LES OGSÅ: Kunstig intelligens har lært å kryptere informasjon

LES OGSÅ: Sjølvstyrande bilar – kven må døy?

Faktaboks

Denne artikkelen er ein del av ei satsing på ny teknologi og etikk, støtta av Fritt Ord. I ein serie med artiklar vil vi gi innsikt og skape diskusjon om korleis teknologiske framsteg utfordrar førestillingane våre om kven vi er og flyttar grensene for kva vi kan og bør gjere. På knaggen tenkologifinn du alle artiklane i satsinga.

Sjå også vår skrivekonkurranse om livet på nett.