«Kunnskapsministeren er pokker så frekk»

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Han er pokker så frekk»

Innlegget var først publisert på Facebook og er republisert med løyve frå skribenten.

I helga gjekk Venstres landsstyre inn for ei offensiv styrking av sidemålsordninga, med tidlegare start, framleis eigen karakter og nynorsk i lærarutdanninga og nynorsk i andre fag enn norsk i bokmålsområde.

I tillegg vil vi ha nynorske bøker og lydbøker i barnehagar, meir nynorsk i NRK og viser ei generel positiv haldning til språk og språkleg likestilling.

Politiske parti kan velje å styrke sidemålsordninga, eller svekke ho.

Til helga håpar eg Høgre vel å høyre på Erna Solberg sitt eige fylkeslag og lar vere å svekke ordninga.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen seier følgjande til NRK:

«Men dagens sidemålsordning har ikkje vore ein suksess viss målet har vore å skapa forståing og respekt for både nynorsk og bokmål.»

Det er med respekt å melde, faen så frekt frå ein som har skapt seg ei karriere i Høgre på nettopp å reise rundt i landet å fortelje 16-17-åringer at nynorsk suge, at nynorskbrukarar luktar fjøs, og at vi ikkje treng nynorsk. Dei har brent Nynorsk Ordliste.

Eg har alltid meint at Torbjørn Røe Isaksen er den desidert flinkaste i regjeringa Solberg. Veltalande, kunnskapsrik og intelligent ideolog.

Men eg trur eigentleg ikkje han meiner det han seier om nynorsk eller om sidemålsordninga. Så kanskje det beste som skje statsråden er at partiet hans sluttar å ville svekke språket mitt.

Så slepp han å forsvare det. Det tener alle på. Elevane blir flinkare, forståinga og respekten blir større. Og alle kan vere vener.

Kunnskapsministeren: – Ein utopi at alle elevar skal vere skriveføre i både nynorsk og bokmål