Kroppen din kan ha fått eit nytt organ

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarar oppdaga nytt organ

Det nye organet vert kalla krøset (mesentery på engelsk). Krøset held tarmane bundne til kvarandre, men har til no vore sett på som separate og ubetydelege delar, og ikkje som eit eige organ.

– Vi seier no at vi har eit organ i kroppen som hittil ikkje har blitt anerkjent som det, seier professor John Calvin Coffey, ein av forskarne bak arbeidet, i ei pressemelding.

Etablerer forskingsfelt
Eit organ er sett saman av ulike typar celler som saman utfører ei bestemt oppgåve. Dei to forskarane frå University of  Limerick meiner at det no er tilstrekkeleg med data til å gi krøset denne tittelen.

Status som organ er viktig for å etablere eit sjølvstendig forskingsfelt, og for korleis legar og forskarar vurderer ulike tarmsjukdommar, påpeikar forskarane.

– Dei anatomiske skildringane som har låge til grunn for over 100 år med anatomi var ikkje korrekte. Dette organet er langt ifrå framgenterte og komplekst, det er ein samanhengande struktur, uttalar professor Coffey.

Krøset (det gule i biletet, illustrasjon frå artikkelen) inneheld feitt og bindevev, og gjer at tarmane ikkje knyttar seg eller flyttar seg for mykje, samtidig som tarmane får fleksibilteten som trengs til å fordøye maten som passerer gjennom.

Mellom feittet ligg også blodårtene som forsyner tarmcellene med næring, og blodårene som tek opp nærinig frå maten vi et. I krøset ligg også lymfeårer, der immunceller og væske vert transportert til og frå tarmane.

Involvert i sjukdom
I gjennomgangen av forskinga på krøset, viser forskarane til at organet kan spele ei rolle i fleire ulike sjukdommar, deriblant tarmsjukdommen Chron’s, samt overvekt og diabetes.

– No har vi etablert anatomi og struktur. Det neste steget er funksjon. Dersom vi forstår funksjon kan vi oppdage unormal funskjon, og då sjukdom, seier Coffey.

Meir kunnskap og vidare forsking på krøset kan gi mindre omfattande operasjonar, færre komplikasjonar, raskare betring og reduserte kostnader, skriv universitetet i pressemeldinga.

Videoen under viser John Calvin Coffey diskutere funna sine, mellom anna kva betydning dei kan ha for behandling og forsking på tarmsjukdommar.

Dei fleste oversiktene over menneskekroppen oppgir 78 organ. Krøset er ein god kandidat til å bli nummer 79. Den verdskjende læreboka Gray’s Anatomy har no blitt oppdatert med informasjonen om at krøset er ein samanhengande struktur. 

Les om eksperimentell behandling med genterapi