Kristian Fjellanger skriv om sorg utan filter

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sorg utan filter

– Eg tok kontakt med både lege og prest fordi eg var nysgjerrig på korleis kropp og sjel reagerte på sorg, fortel forfattar Kristian Fjellanger. No kjem boka hans Sorg. Ei lita bok om å vere lei seg.

«Det er viktig at mannen si sorg også vert teken alvorleg. Menn skal ha full rett til å vere sårbare. Og få den omsorga ein treng for å komme vidare. Om ein ikkje får det, kan det få fatale konsekvensar,» skriv Kristian Fjellanger sjølv i dette innlegget.

Les også intervju med Maria Bokneberg: – Vi kan redde fleire ved å snakke om sjølvmord

Kva skjer når nokon døyr?
I boka skriv han om tapet av far og mor, om kva som skjer med hovudet og med kroppen og om korleis samfunnet stiller seg til det og kva som skjer med deg når alle andre har gått vidare. Men han skriv også om glede og brukar mykje humor i formidlinga om si eiga historie.

– Eg lurte på kva som skjer i ein sorgprosess og eg fekk gode svar. Til dømes fekk eg vite at immunforsvaret ditt vert dårleg når du er i sorg. Og at kroppen din reagerer og er ein magnet på alle moglege virus, fortel Kristian Fjellanger.

– Presten ville eg snakke med fordi eg regelrett ville høyre ein forsvarstale for Gud. Om han er allmektig og god – kvifor er eg og søstera mi utan foreldre? Kvifor får aldri nevøen min bli kjent med Mormor og Besten? Eg var irrasjonelt rasande på Gud. Eller kanskje meir på dei som formidla det han står for.

I boka konfronterer Fjellanger også politikarar og helsevesen med vanskelege ordningar.

– Det å bli sjukmeldt når ein sørgjer er aktuelt for mange, særleg dei som driv eiga bedrift. Men det er ikkje noko som heiter «sorgmelding» i dag. Om du som bedriftseigar vert sjukmeldt med «psykisk ubalanse» som eg vart, så kan ein bli nekta sjukeforsikring til dømes. Det kan få alvorlege følgjer.

Men det er ikkje berre rigide reglar i helsevesenet som til tider provoserte han.

– Om vi også ser på gravferdsbransjen, som tener mykje pengar når folk døyr, så har denne bransjen knapt eit einaste krav frå det offentlege, heller ikkje når det gjeld pris. Det er fasinerande, særleg med tanke på kor velregulert alt anna er. At politikarane må gjere noko med både sjukmeldingar og rammer for gravferdsbransjen meiner han er sjølvsagt.

Les også innlegget: Det er ingen som trur at toastmasteren skal gjera sjølvmord

Ingen fasit på sorg
Fjellanger fortel lesarane korleis det er å sørgje – utan filter. Vanskelege episodar blir skildra i detalj og boka gir eit personleg bilete av korleis ein sorgprosess kan vere.

– For meg så er det viktig å presentere ei historie om ei reell sorg. Mi sorg. Boka er som sagt ikkje nokon fasit på korleis sorg er, men ved å fortelje om korleis eg hadde det som sørgjande kan det kanskje vere ei motvekt til alt det perfekte vi blir presentert for i kvardagen, som i til dømes sosiale medium. Eg håper jo det, at ved å blottleggje meg sjølv, så kan det bli lettare for andre å fortelje eller å snakke om si sorg.

For boka er ikkje noko forsøk på å lage ei «handbok» i sorg.

– Boka er på ingen måte ei «slik taklar du sorga»-bok, dette er ingen fasit på korleis ei sorg er eller skal vere. Når sorga di har «mista nyheitsverdien» og verda går vidare, så er du jo framleis lei deg. I starten er det mykje som skjer og skal ordnast, og det er mange som vil trøyste. Etter det vert det ganske stilt. Det er ingen kritikk av nokon, men det er berre slik det er. Der kan me jo sikkert alle bli flinkare.

– Og ein annan ting, når du spør korleis det går – så må du ha tid til å faktisk vere interessert i svaret. Om ikkje så kan du vente til ein dag du har tid. (©NPK)