Krig og kjærleik på Det Norske Teatret

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Andre verdskrigen – natt i verda» er ei storsatsing i vårprogrammet til Det Norske Teater for 2016, som blei presentert tysdag.

– Dette er sannsynlegvis det største prosjektet dette teateret har gjort. Vi skal fortelje forteljingar frå andre verdskrigen gjennom åtte timar, seier teatersjef Erik Ulfsby, som sjølv står for regien.

Døgnvillt teater
Publikum kan velje om dei vil sjå framsyninga på dagtid, eller om natta mellom midnatt og åtte om morgonen.

– Det er ukjent for meg kor stor marknaden for teater om natta er, men det har likevel vore viktig for oss å tenkje slik. Andre verdskrigen er utan samanlikning den største menneskeskapte katastrofen i menneska si tid på jordkloden og er slik sett ei natt i verda – og med freden så kjem lyset. Så det er ein tematisk tanke. I tillegg er det for oss som teater interessant å utforske ulike format, seier Ulfsby, og viser til at den seks timar lange framsyninga «Bibelen» frå 2013 gav inspirasjon til å finne anna materiale som eigna seg for det breie formatet.

LES OGSÅ: Marie Blokhus – Fuckings bullshit at ein ikkje treng andre enn seg sjølv

Radioteater
Fire dramatikarar med ulike nasjonalitetar har bidrege for å få inn stemmer frå forskjellige kantar av verda. Dramatikarane har kunne skrive fritt innanfor temaet, og forteljingane måtte heller ikkje liggje innanfor tidsrommet 1939– 1945.

– Andre verdskrigen har forma den verda som vi ser i dag. Difor meiner vi at ei slik framsyning også har rom for forteljingar som ikkje går føre seg i det tidsrommet som vi europearar definerer som andre verdskrigen, seier Ulfsby.

Det Norske Teatret samarbeider med NRK radioteateret om stykket, som har urpremiere i slutten av februar. Same månad har ei anna oppsetjing med krig som tema noregspremiere på teateret – «Frukost i det grøne» av Fernando Arrabal.

Kjærleiksmusikal
Den første premieren på vårprogrammet er musikalen «Tenk om» av Brian Yorkey og Tom Kitt. Dei to stod også bak «Next To Normal», som Det Norske Teatret hadde suksess med for fem år sidan. Også denne gongen har Heidi Gjermundsen Broch hovudrolla.

Framsyninga viser korleis tilfeldigheiter og samantreff kan ta livet i heilt ulike retningar, og publikum får oppleve to ulike versjonar av hovudpersonen sitt liv utspele seg på scena.

– Tenk om ein møter ein venn i parken, er 38 år, har budd i Sogndal og kjem barnlaus tilbake til byen. Ein treffer ei venninne, treffer ein kamerat – og i den augeblinken tek ein valet om å gå med den eine eller andre, så forandrar livet seg og blir totalt forskjellig. I det eine livet treffer ein sin store kjærleik, i det andre kjem ein til makt og forandrar Oslo by totalt, fortel regissør Marit Moum Aune.

LES OGSÅ: Tøysete nynorskmusikal om politikk og kongelege

Shakespeare i Hoem-drakt
«≈ [Tilnærma lik]» av den svenske forfattaren og dramatikaren Jonas Hassen Khemiri er ei anna framsyning med januarpremiere.

– Det er ein skarpskodd satire i beste Jonas Hassen Khemiri -stil, som følgjer fire-fem ganske gjennomsnittlege menneske og deira kamp for vekselvis å kome seg inn i det økonomiske systemet, få ein jobb og halde på ein jobb i nedgangstider. Og kanskje òg prøve å forstå korleis det å ha, eller ikkje ha, stabilitet og tryggleik påverkar oss, fortel regissør Peer Perez Øian.

I mars er det duka for den berømte kjærleikshistoria «Romeo og Julie» av William Shakespeare, denne gong i Edvard Hoem-omsetjing. Kjersti Dalseide og Axel Gherken Bøyum spelar hovudrollene.

Kvitebjørn for dei yngste
Også dei yngste har noko nytt å sjå fram til i vårprogrammet til Det Norske Teatret, når det kjende eventyret «Kvitebjørn Kong Valemon» blir teke til hovudscenen.

– Vi tar mål av oss å skape eit nytt, spektakulært eventyr for heile familien, som ein del av dette teaterets stadig sterkare ambisjon som teater for barn og unge, seier Erik Ulfsby.

«Kvitebjørn Kong Valemon» har urpremiere i april, med debutant Silje Lundblad i hovudrolla.

Faktaboks

Nye framsyningar Det Norske Teatret våren 2016:

«Tenk om» av Brian Yorkey og Tom Kitt, europapremiere 16. januar på hovudscenen. Regi: Marit Moum Aune. Med m.a. Heidi Gjermundsen Broch, Frank Kjosås, Pål Christian Eggen, Jon Bleiklie Devik.

«≈ [Tilnærma lik]» av Jonas Hassen Khemiri, noregspremiere 30. januar på scene 2. Regi: Peer Perez Øian. Med m.a. Thomas Bipin Olsen, Sara Khorami, Amell Basic, Marianne Krogh.

«Johnsen og Johnsen i live» av Will Eno, noregspremiere 23. januar på scene 3. Regi: Anders T. Andersen. Med Per Schaanning, Marit Andreassen, Svein Roger Karlsen, Ulrikke Hansen Døvigen.

«Frukost i det grøne» av Fernando Arrabal, noregspremiere 20. februar på scene 2. Regi: Catrine Telle. Med m.a. Eivin Nilsen Salthe, Jan Grønli, Hilde Olausson, Nina Woxholtt.

«Andre verdskrigen – natt i verda» av Lukas Bärfuss, David Grieg, Oleg Bogaev og Maria Tryti Vennerød, urpremiere 28. februar på hovudscenen. Regi: Erik Ulfsby. Med m.a. Svein Tindberg, Renate Reinsve, Paul-Ottar Haga, Gjertrud Jynge.

«Romeo og Julie» av William Shakespeare (omsett av Edvard Hoem), premiere 5. mars på scene 2. Regi: Maren E. Bjørseth. Med m.a.. Axel Gherken Bøyum og Kjersti Dalseide.

«Herr Marmelade» av Noah Haidle, noregspremiere 9. april på scene 3. Regi: Glenn André Kaada. Med m.a. Marie Blokhus, Ola G. Furuseth, Ulrikke Hansen Døvigen, Sara Khorami.

« Kvitebjørn Kong Valemon» av Ola E. Bøe og Mari Moen etternorske folkeeventyr, urpremiere på hovudscenen 16. april. Regi: Ingrid Werne Nilsen. Med m.a. Silje Lundblad, Morten Svartveit, Iren Reppen, Per Schanning.

Gjestespel ved Det Samiske Nasjonalteatret Beaivváš og HættaLopez i samarbeid med gruppene Sotz'il og Guatemaya frå Guatemala: Vidas Extremas – ein dans på livets ytterkantar, urpremiere 6. februar. Regi: Jon Tombre.

(©NPK)