KrFU slår alarm om ungdomspress

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slår alarm om press

– Me er bekymra for utviklinga me ser, der stadig fleire ung ender opp med å bli sjuke. Når ein av dei største årsakene til fråvær i vidaregåande skule er psykisk helse, så er det klart ein vert bekymra, seier Ida Lindtveit, leiar i KrFU. 

LES OGSÅ: SKAM-skaparane: – Ville jobbe mot press

Meir enn helsesøstrer
Den siste Ungdata-rapporten  viser at ungdommar er meir heime, drikk mindre og presterer betre på skulen. Samstundes er dei meir stressa enn nokon gong.

Lindtveit er uroa over det aukande kropps- og prestasjonspresset som gjer at stadig fleire unge sliter psykisk. Difor krev ungdomspartiet ei grundig utgreiing om årsakene til presset, slik at ein kan koma fram til gode førebyggjande tiltak.

– Me treng å få gode politiske verkemiddel på bordet. Me går i ring rundt oss sjølv og verkemidlane me har no, har ikkje gitt resultat.

Lindtveit viser til at politikarane gjerne svarar på desse utfordringane med å foreslå fleire helsesøstrer og fleire psykologar inn i skulen. Dette er tiltak KrFU støttar fullt ut, men ungdomspartileiaren etterlyser meir førebyggjande arbeid.

LES OGSÅ: – Folk har sex og då må det gjerast trygt

Opptrapping på psykisk helse
Moderpartiet KrF har i 2016 teke initiativ til ein heilskapleg opptrappingsplan for barn og unges psykiske helse, fordi dei ikkje var nøgd med satsinga frå dei blåblå. I januar fremma dei eit representantforslag, som etter planen skal stemmast over i juni.

Her la dei fram 11 forslag som KrFs nestleiar og helsepolitiske talskvinne, Olaug Bollestad, hadde utarbeidd i samarbeid med KrFU.

Partiet etterlyser friske øyremerkte midlar, ei norm for talet på tilsette i skulehelsetenesta, betre samarbeid mellom barnevern og psykiske helsetenester, kontinuerleg drift av døgnbasert tilbod innan psykisk helsevern for barn og unge, betre tilgang på medikamentfrie behandlingstilbod og reduksjon av vanedannande sovemidlar og antidepressiva.

Lindtveit meiner utgreiinga om presset ungdom opplever er ei naturleg oppfølging av desse forslaga og vil jobba med å få framlegget inn i KrF sitt program.

LES OGSÅ: KrFU treng refleksjonstid om abort

Press om press
Leiar Redd Barna sin ungdomsorganisasjon Press, Karoline Steen Nylander, ynskjer forslaget varmt velkommen.

 – Press har lenge kjempa på barrikadane for at me ikkje skal sjå ungdom sine problem isolert frå kvarandre, men sjå at dei store utfordringane ofte er knytt til krysspress. Ungdom i dag opplever i større grad enn før at det ikkje held å vera god i ein ting, ein skal konkurrera og prestera på alle arenaar.

Steen Nylander understrekar at det er viktig å spørje ungdom sjølv, som er ekspertar på eigen kvardag. Ho fryktar ei utreiing frå regjeringa lett kan bli veldig byråkratisk og ikkje vera rotfesta i ungdom som opplever presset sjølv.

– Kampen mot krysspress og urealistiske forventningar er ein utfordrande kamp å ta fordi dei gode løysingane som fungerer for mange er vanskelege å finna. Difor er Press positiv til initiativet om ei utreiing i stor skala for å få konkrete tiltak på bordet som kan løyse ei av de største utfordringane me står ovanfor i dag, skriv Steen Nylander i ein e-post til Framtida.no.

LES OGSÅ: Dagbladet fekk Årets Gullbarbie

Ung og stressa
I 2014 kom rapporten «Retusjert reklame og kroppspress», på oppdrag frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet. 

Ifølgje Lindtveit gjorde få respondentar det vanskeleg å slå i bordet med tiltak som merking av retusjert reklame. Ho vil difor ha ei større utgreiing, som munnar ut i konkrete tiltak, slik som regjeringa si mobbeutgreiing.

Ho vil at utgreiinga skal sjå nærare på korleis reklame- og treningsbransjen bidreg til kroppspress.

Vidare vil ho sjå på utviklinga med stadig fleire testar i skulen og stiller spørsmål ved om dette er den beste måten å måla kvaliteten på.

KrFU har tidlegare teke initiativ til livsmeistring i skulen, noko Lindtveit meiner kan motverka presset.

Foreldra på banen
Lindtveit trur ikkje nødvendigvis tiltaka vil verte dyre, og at dei heller kan spara samfunnet for pengar på sikt.

– Me må våga å utfordra foreldre i dette. Familie og vener har stor innverknad på dei unge. Dersom foreldra legg stor vekt på karakterar og vitnemål, utgjer det eit press. Og dersom ein i heimen snakkar mykje om vekt er det sjølvsagt at barna vert påverka. Dette er ting ein kan ta opp på foreldremøte, meiner ungdomspartileiaren.