KrF vil strama inn våpeneksporten

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

KrF vil strama inn våpeneksport

– Eg er glad for at partiet no tek initiativ til å stramma opp norsk våpeneksport. Noreg må stoppa all væpning av autoritære regime, og det er på tide at Stortinget tek kontroll over våpeneksportgaloppen til diktatur, seier KrFU-leiar  Emil André Erstad til NTB.

LES OGSÅ: Vil stogge norsk våpeneksport

Ti regimer på ti år
I ein resolusjon som sentralstyret til KrF vedtok onsdag blir det vist til at norsk krigsutstyr blei eksportert til ti autoritære regime mellom 2002 og 2012, nemleg Bahrain, Egypt, Dei sameinte arabiske emirata, Jordan, Kuwait, Kina, Libya, Oman, Qatar og Saudi-Arabia.

– Av desse har berre Libya, Egypt og Bahrain blitt fråtekne eksportlisensen si. Det er uhaldbart at ein fredsnasjon som Noreg sel våpen til land som så tydeleg undertrykkjer menneske, meiner KrF.

Partiet krev stopp i all norsk eksport av A- og B-lista krigsmateriell til diktatur, sluttbrukarerklæring frå alle land som tek imot norske våpen og eit parlamentarisk eksportkontrollråd, tilsvarande svensk modell.