KrF splitta om kommunesamanslåing

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

KrF splitta om samanslåing

Eriksen leier arbeidet i partiet med nytt politisk program. Før landsmøtet i Trondheim i helga slår ho fast at ho ynskjer å leggje ned fylkeskommunane og erstatte dei med større folkevalde regionar. Når det gjeld kommunesamanslåing er ho framleis i tenkjeboksen, men har byrja å helle mot å gå vekk frå kravet om at samanslåinga må vere basert på frivillig medverknad, skriv Nationen.

– Eg har lege lenge på frivillig-linja. Eg er for gode økonomiske insentiv, slik at kommunane ser kva fordelar dei får ved å slå seg saman. Men etter kvart har eg vorte usikker på dynamikken. Eg kjem frå eit fylke som har forsøkt seg på ein samanslåingsdiskusjon. Debatten er veldig kjenslebasert, og det utviklar seg mange alternative diskusjonar. Så eg byrjar å helle mot at Stortinget må teikne kartet, seier Eriksen.

I landsstyret er fleirtalet innstilt på at KrF må halde på frivillig-linja. (©NPK)

Kva meiner du om dagens kommunestruktur? Bør ein tvinga kommunar til å slå seg saman?