Krev nynorske læremiddel til innvandrarar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nei til bokmåls- tvang

Landsmøtet i SV har gjort vedtak om å lovfeste at læremiddel for vaksne innvandrarar skal kome til same tid og same pris på nynorsk og bokmål.

– Eit særs viktig vedtak. For å sikre vaksne innvandrarar eit fullverdig norskopplæringstilbod er det avgjerande å stille same krav til desse læremidla som til andre læremiddel i skulen, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.

– Alle partia er samde om at norskkunnskap er avgjerande for vellukka integrering av innvandrarar, og SV sitt initiativ bør difor få støtte på tvers av det politiske spektret, seier Øvregård.

Tvungne til bokmål
I dag får vaksne innvandrarar oftast opplæringa si på bokmål, også i dei kommunane der ein elles nyttar nynorsk. Hovudårsaka til dette er manglande utval av læremiddel på nynorsk.

– Opplæring på bokmål i nynorskområde gjev dårlegare integrering, seier Øvregård. Mange innvandrarar får vanskar med å forstå dialekten der dei bur når dei berre møter bokmål i vaksenopplæringa, særleg dersom lærarane også nyttar bokmål som talemål i klasserommet.

QUIZ: Kva veit du om innvandring?

– Noko er heilt gale når ordførarar må knote på bokmål for å snakke med elevar på den lokale vaksenopplæringa, slik vi veit det skjer i fleire nynorskkommunar.I tillegg vert det vanskeleg for innvandrarar å tileigne seg den lokale dialekten, når opplæringa er på eit dialektfjernt bokmål.

Dialekt gjer fargeblind
– I Noreg er lokalt talemål, dialekten, ein viktig identitetsfaktor.Om du talar den lokale dialekten, vert hudfarge eller fødeland mindre viktig. Når innvandrarar i nynorskområde i praksis vert tvinga til å lære å snakke bokmål i staden for dialektnær nynorsk, bidreg dette til å stemple dei som framande.

– Vi er mange som har etterlyst eit breiare utval av nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar, slik at det vert lettare for kommunane å gje opplæring på nynorsk. Det er difor veldig bra at SV vil ta i bruk konkrete tiltak. Å lovfeste læremiddel på båe målformer i opplæring for vaksne innvandrarar, slik opplæringslova i dag gjer for grunnskulen og vidaregåande skule, er eit avgjerande grep, seier Håvard B. Øvregård.