Krev filmtekst på begge måla

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Når Kulturdepartementet legg opp til å krevje norsk teksting av filmar som får statsstøtte, er det openbart at kravet må omfatte teksting på både nynorsk og bokmål, seier Janne Nygård (21), leiar i Norsk Målungdom, i ei pressemelding.

I juni sende Kulturdepartementet framlegg til endringar i filmstøttereglane ut på høyring. I høyringsbrevet føreslår departementet å krevje at alle statsstøtta filmar skal tekstast «på norsk» av omsyn til folk med nedsett høyrsle. Nygård meiner departementet bør presisere at «norsk» inneber både nynorsk og bokmål.

– Mykje valfridom for ein billeg penge
– Nynorsk og bokmål har vore jamstelte som offisielle språk i Noreg sidan 1885. Så seint som i 2008 slo stortingsmeldinga Mål og meining fast at «det overordna målet for språkpolitikken byggjer på den erkjenninga at norsk er kløyvd i to skriftspråk». Kulturdepartementet seier ingenting om dette i denne saka, og med mindre dei presiserer det risikerer vi at all filmtekstinga kjem på bokmål, utdjupar Nygård, som påpeiker at ekstrakostnadene ved å tekste filmane på begge språka er marginale.

Departementet argumenterer sjølv for det nye kravet med å vise til at tekstekostnadene vert dramatisk reduserte som følgje av digitaliseringa av kinoane. Dermed vil det heller ikkje vere noko økonomisk problem å tekste filmane parallelt på bokmål og nynorsk. Den unge målungdomsleiaren meiner dette opnar for mykje større valfridom, både for kinoar og filmsjåarar.

LES SISTE FILM-NYTT HER!

– Med teksting på både nynorsk og bokmål vil kinoar som ønskjer det kunne vise filmar med nynorsk tekst. Samstundes vil tekstfilene kunne brukast om att på DVD, slik at brukarane sjølv får velje kva mål dei vil ha den norske teksten på.

– Må følgje eigen politikk
Nygård nyttar også høvet til å minne kulturministeren om den gjeldande norske språkpolitikken som Kulturdepartementet sjølv utarbeidde i 2008:

– Stortingsmeldinga Mål og meining slår tydeleg fast at nynorsk alltid høyrer med i samanhengar der norsk språk blir tematisert. Vi reknar med at departementet tek dette prinsippet til følgje og justerer forskriftsendringane til å omfatte teksting på både nynorsk og bokmål, slik at det er i tråd med gjeldande språkpolitikk, avsluttar Nygård.