Krev bøter mot mobbing

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Bøter, oppseiingar av rektorar, sanksjonar mot skuleeigarar og kommune. Det er vegen ein har gått, blant anna i Sverige, seier nestleiar i Barneombodet, Knut Haanes til NRK.

I fjor haust hadde fylkesmennene tilsyn på 99 skular. Alle bortsett frå éin skule braut mobbeparagrafane i Opplæringslova. Heile 235 brot blei avdekkja.

Barneombodet meiner det er nok snakk om anti-mobbing, og krev at lovbrota må få større konsekvensar.

– Me er nødt til å gjera noko no. Dette har me diskutert i så mange år, og situasjonen er framleis ille, understrekar Haanes.

Kva meiner du er mest effektivt i kampen mot mobbing?