Krev at Sverige seier unnskyld

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Det finst mange ulækte sår, seier Bengt Niska, ordførar i Svenska tornedalingars riksförbund ifølgje Svenska Dagbladet. Organisasjonen krev no at regjeringa i Sverige set ned ein sanningskommisjon for å få fakta om overgrepa mot tornedalingane fram i lyset.

Tornedalen ligg i grenseområdet mellom Sverige og Finland. Tornedalingane snakkar meänkieli, eit språk som slektar på finsk og tradisjonelt har blitt kalla tornedalsfinsk. På same måten som samar og kvenar i Noreg har blitt forsøkt «fornorska», har tornedalingane i mange samanhengar gjennom historia blitt nekta å bruka og utvikla sitt eige språk og sin eigen kultur. Mellom anna var all bruk av meänkieli i skulen forbode til innpå 1960-talet.

Först i 2000 fekk meänkieli status som offisielt minoritetsspråk i Sverige, men tornedalingane har enno ikkje fått ei orsaking frå den svenske staten for dei historiske overgrepa. Det meiner dei no er på høg tid.

– Me vil nå ei erkjenning av det som har skjedd og få til forsoning, slik at me kan gå vidare. Det er eit sår som finst, alt me har gått gjennom, seier Niska, som peikar på at sjølv politikarar med tornedalsk opphav har vegra seg for å ta opp spørsmålet tidlegare.