– Korsong kan gje flyktningar eit betre liv

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Korsong kan gje flyktningar betre liv

Det er nokre av funna Sissel Ørstavik Aase har kome fram til i masteroppgåva si i folkehelsevitskap om kva erfaringar flyktningar har rundt integrering og det å vera med på aktivitetar.

At 31-åringen frå Ørsta valde å skriva om song og inkludering er ikkje tilfeldig.

– Eg har alltid vore interessert i song og musikk. Heilt sidan eg var liten har eg spelt fiolin og sunge i kor. Eg veit kva musikkaktivitet betyr for meg og andre som syng i kor, seier ho.

Dei gode røynslene hennar var ei medverkande årsak til at ho ville læra meir om dei positive effektane av det å vera med i kultur- og musikkaktivitetar. Samtidig har ho vorte meir og meir oppteken av den aukande mengda menneske på flukt. Ei tid arbeidde ho sjølv som frivillig norsklærar på eit asylmottak. For mange var norskundervisninga den einaste aktiviteten dei hadde.

– Dei statlege tilboda er ikkje alltid nok. I ein kommune seier det seg sjølv at det må meir til for at flyktningar og innvandrarar skal bli integrerte.

I undersøkinga si såg ho det som ei moglegheit å kombinera både dei positive effektane av song og musikk og det aukande behovet for integrering av flyktningar.

– Viktigast med det sosiale
Flyktningar og innvandrarar treng ikkje vera ihuga songentusiastar for å ha utbyte av å vera med i eit kor. Eitt av dei viktigaste funna hennar er kor viktig eit kor kan vera for flyktningar sosialt.

– Det å bli inkludert sosialt er ei av dei viktigaste årsakene til at det å vera med i kor kan vera helsefremjande for flyktningar og innvandrarar. I koret blir dei sett og opplever eit trygt fellesskap, utdjupar Ørstavik Aase.

Ho minner om at flyktningane har opplevd mykje uro og har mist mykje av tryggleiken sin og det sosiale nettverket sitt. Eit trygt og inkluderande miljø kan ha mykje å seia for livskvaliteten deira og det å byggja seg ein ny identitet.

Fleire av dei ho snakka med fortalde at koret hadde blitt ein døropnar for dei til ein ny kvardag. Gjennom koret møtte dei personar som dei etter kvart utvikla eit vennskap med og som gav dei samhald, tilhøyrsel og auka trivsel.

– For å leggja til rette for det sosiale, er det er viktig at det ikkje er altfor høgt nivå på det songtekniske og at det er lagt opp til ein sosial pause med kaffi, mat og prat.

Les også om flyktningane som jobbar på Vinjerock: – Å vera frivillig er den beste måten å bli integrert på

– Språk inga hindring
– Kva med det språklege, må ikkje flyktningane ha litt forkunnskapar for å vera med?

– På ein måte, men samtidig ikkje. Ofte greier ein å kommunisera litt uansett. Ein av informantane mine peikte på at kor er ein plass der språkutfordringa ikkje treng ha noko å seia fordi musikk er eit språk alle forstår, sidan alle prøver å kopiera den same songen. Det er veldig fint sagt.

Ørstavik Aase peikar på at det enkelte stader ikkje er like mange møteplassar der flyktningar og innvandrarar kan trena på å snakka norsk med etniske nordmenn.

– Vi nordmenn er ikkje alltid så gode til å starta ein samtale med andre tilfeldig. Det må vera ein kultur for det, seier ho.

Då kan kor vera eit alternativ. Dermed får flyktningar og innvandrarar også ei språkleg meistringskjensle.

Viktig med gjensidig utveksling
Samtidig er ho oppteken av at kulturutvekslinga må skje begge vegar.

– Kora som ønskjer å lukkast med dette må også leggja til rette for at flyktningar og innvandrarar kan bidra med noko inn i koret.

For informantane hennar hadde det mykje å seia at koret var ein stad der dei også kunne visa fram noko av sin eigen kultur dei var stolte av, til dømes songar og mat frå heimlandet sitt.

– Ingen fasit
Korsong er likevel ikkje nokon fasit på integreringsutfordringane.

– Det er viktig å få fram. Men koraktivitetar kan vera eit viktig supplement til dei statlege tilboda, strekar Ørstavik Aase under.

Den songinteresserte sunnmøringen håpar at oppgåva hennar kan bidra til meir nyansert kunnskap og at fleire kor opnar opp for flyktningar og innvandrarar.

– Integrering og livskvalitet er eit stort og komplisert tema, men kor er eit lågterskeltilbod som ikkje er vanskeleg å få til. Dei aller fleste kommunane har eit kor, så det er absolutt ein fin arena for integrering. Ver ikkje redd for å be med deg folk. Det kan vera ein aktivitet som kan falla i smak for fleire enn du trur, oppmodar Sissel Ørstavik Aase.

Støtte til korøving på asylmottak
Organisasjonen Krafttak for sang deler i haust ut pengar til kor som vil leggja ei av øvingane sine til eit lokalt asylmottak.

– Målet er å dei som bur på mottaket skal få høve til å syngja med koret, få eit innblikk i kva korsong er og kor flott det kan vera å syngja saman, heiter det på nettsidene til Krafttak for sang.

Pengane kjem frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet og er meint å dekkja kostnader til informasjons- og motivasjonsarbeid, instruktør, tolk, transport, materiell og leige av instrument.

Les også: Ved Høgskolen i Nord-Trøndelag har dei forska på om korsong kan gjera deg friskare