KorrekturSVikt skapte sidemålskrøll

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eigentleg var det berre eit mindretal i programkomiteen som gjekk inn for sidemålskutt. Fleirtalet ville halda fram med eksamen i begge målformene.

Det var fleire målfolk som sette kaffien i halsen då det såg ut som at SV var i ferd med å slå inn på ein ny kurs i språkpolitikken. I programutkastet som vart lansert tidlegare denne veka, står det svart på kvitt at fleirtalet vil «Ha forsøk med å fjerne eksamen i skriftlig sidemål», medan eit mindretal på tre ville stryka dette punktet (sjå faksimile).

Framtida snakka i går med fleire komitémedlemer som var forfjamsa over programformuleringa, og meinte dette ikkje kunne stemma. Sekretær Yngvil Longva hugsa ikkje sjølv korleis diskusjonen og voteringa i komiteen hadde gått, men meinte det som var referert måtte vera rett.

I dag oppklarar leiar for programkomitéen, SV-nestleiar Snorre Valen, at fleirtalet og mindretalet var stokka om i programutkastet som vart sendt ut. Partiet jobbar no med å retta opp feilen.

Vil utjamna forskjellar
Per Botolf Maurseth, tidlegare statssekretær for SV i Kunnskapsdepartementet, var blant komitémedlemene som støtta forslaget om å fjerna sidemålseksamen.

– Det å kunne skriva ordentleg er det heilt avgjerande at skulen bidrar med, og det er altfor mange som går ut av norsk skule utan basisdugleikar. Det er grunnen til at me har diskutert forsøk med å ikkje ha eksamen i sidemål, seier Maurseth.

Maurseth motiverer forslaget med ønsket om å utjamne forskjellar i skulen.

– Det er viktig at alle barn i Noreg får kjennskap til begge målformer, men i ein situasjon med aukande klasseforskjellar og utvikling mot eit fleirkulturelt samfunn, så trur eg det er verdt å forsøke om opplæringa i skriftleg språk i større grad enn i dag bør konsentrerast om éi målform, seier Maurseth.

– Denne typen argumentasjon har Høgre og Frp brukt i same saka tidlegare. Er dette eit forsøk på å nå nye veljarar for SV?

– Nei, det er eit forsøk på å innta eit riktig standpunkt. SVs standpunkt er i mykje større grad basert på ønske om reduserte sosiale forskjellar enn Høgre. Når Høgre seier det, opplever eg det meir som vikarierande argument, men for oss er det eit ekte argument, seier Maurseth.

LES OGSÅ: Ei undersøking i fjor viste at nesten halvparten av norsklektorane er einige med mindretalet i SV, og meiner sidemålsundervisninga kan reduserast

Vil heller styrka nynorsken
Aksel Hagen, tidlegare stortingsrepresentant for SV frå Oppland, er blant dei i komiteen som vil halda fast på sidemålseksamen.

– Eg vil heller gå motsett veg og styrka nynorsken og sidemålet, både i skule, kultur, offentlegheit og samfunnsliv. Det å kunna læra seg og takla fleire språk, i ei samtid som blir meir og meir fleirspråkleg, det trur eg er meir eit pluss enn eit minus, seier Hagen.

– Kor trur du SV landar til slutt?

– Eg trur bestemt at det synet eg står for vil få fleirtal, og eg vil vera blant dei mange som vil kjempa for at det skal få fleirtal, seier Hagen.

Det endelege arbeidsprogrammet blir vedtatt av landsmøtet i SV våren 2017.

LES OGSÅ: SV-nestleiar og partiveteran Oddny Miljeteig har verva over 500 medlemer til Noregs mållag!