Korleis taklar unge motgang i sosiale medium?

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Unge som deltek i offentleg debatt og unge som følgjer draumane sine vert utsette for hets i sosiale medium. Om lag 63.000 norske barn og unge blir mobba kvar dag.

Ytringsfridom
Andrea Sjøvoll (24) er leiar for Sosialistisk Ungdom. Ho meiner at netthets er den største trusselen mot ytringsfridom i dagens samfunn. Ho har sjølv opplevd netthets og motgang i sosiale medium.

– Eg les kommentarar om meg sjølv i sosiale medium. På godt og vondt. Sjølv om det er givande å kjempe for ting ein brenn for, vert ein også meir utsett når ein stikk hovudet fram, skriv Sjøvoll i ein epost til framtida.no.

Mani Hussaini (28), leiar i AUF, har ein annan strategi, og synest det er viktig at ein ikkje vert skremd til å vere stille.

– Nokre gongar går eg inn i debatten og plukkar frå kvarandre argumentasjonen til hatarane på ein sakleg måte. Det er ofte ein veldig effektiv taktikk, svarar han.

AUF-leiar Mani Hussaini åtvarar mot farane ved å møte motgang i sosiale medium. Foto: Runar Kjellstad Nygård/AUF

LES OGSÅ: Kristine og Vemund bryr seg ikkje om bygdedyret

Folkeskikk
– Folk manglar folkeskikk på sosiale medium. Eg trur ikkje folk heilt er klare over korleis mottakaren kan oppfatte det ein skriv i sosiale medium, svarar Ida Lindtveit (23), leiar i KrFU, på epost.

Ho får støtte av Hussaini, som peikar på farane ved å møte motgang i sosiale medium.

– Det verste som kan skje er at netthetsarane klarar å skremme vekk dei viktige, engasjerte stemmene frå samfunnsdebatten. Unge jenter er kanskje dei det går hardast ut over i nettdiskusjonar, og det er synd for mangfaldet og demokratiet dersom motgang i sosiale medium fører til at færre tør å ta til ordet.

Kan få alvorlege konsekvensar
– Vi veit at motgang i form av hets, negativ omtale eller mobbing kan ha mykje å seie for sjølvbiletet. Ein knekk i sjølvbiletet kan ha mykje å seie for psykisk helse, svarar Willy-Tore Mørch (bildet) i ein epost til framtida.no

Mørch er professor ved Universitetet i Tromsø, og har forska på psykisk helse hjå barn og unge i over 20 år.

– Forsking viser at alvorleg mobbing og hets i sosiale medium kan få langstidskonsekvensar. Den det gjeld kan få depresjonar som sett ein ut av skule og arbeidsliv og kan gi livsvarige konsekvensar. Men folk er ulike, og nokre av dei meir robuste personane kan klare å «riste det av seg» og gå vidare i livet utan store problem.  

Gründer med ambisjonar

– Eg vert stadig flinkare til å halde fokus på det som er oppbyggjande, svarer Simen Vatne (17) på eposten frå framtida.no.

Vatne vart profilert gjennom P3-dokumentaren 17 og snart milliardær, og er gründaren bak Adsocial, ei ny teneste for annonsering i sosiale medium. Selskapet har fått mykje omtale dei siste vekene, både i form av kritikk og støtte.

LES OGSÅ: Meiner nett-troll bør få bøter

Sjølv meiner han at likegyldigheit hadde vore verre enn motgang.

– Eg håpar at det alt i alt finnast fleire positive menneske som ønsker å heie fram unge med annaleise prosjekt i Noreg, framfor surmaga kritikarar og konspirasjonsteoretikarar, skriv han.

Vatne har mellom anna blogga om det han omtalar som «vaksne som mobbar born».

– Det folk ikkje klarar å kjenne seg att i, kan verke truande, trur eg. Derfor vert det ein del aggressiv og usakleg kritikk. Eg har også opplevd å måtte bytte adresse for å unngå såkalla stalkers. I staden for å la seg inspirere av folk som er annleis, er det ein godt etablert jantelovskultur i Noreg. Eg ønsker å inspirere andre unge gründarar til å satse, og håpar kulturen vil endre seg på sikt, seier Vatne.

LES OGSÅ: Sosiale nettverk først oppdaga i Noreg

– Melde til politiet
Ungdommane har ulike tips til andre som vil satse på draumane sine og ta eit oppgjer med jantelova.

– Konfronter folk direkte, men på ein saklig og høflig måte, svarar Hussaini.

– Våg å utfordre normene. Det verste som kan skje er at du får mykje merksemd rundt det du held på med. Som regel er merksemda anten positiv eller lærerik, seier Vatne.

– Mitt beste tips er å prøve å heve seg over det, men vit at ingen skal måtte møte hets og truslar når ein deltek i debatt. Om det er direkte truslar – meld til politiet, avsluttar Sjøvoll (bildet).