Korleis få unge til å stemma – og kvifor?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Direktesending frå seminar

Under halvparten av unge under 30 år bruker stemmeretten sin i lokalval.

Etter fleire år med nedgang i valdeltakinga, mobiliserte ungdom ved vallokala i 2011. Korleis skal 2015 verte eit enno betre ungdomsval?

LES OGSÅ: Kan 17-åringar styra ein kommune? 

Meir ungdomsmedverknad
– Ungdom i ungdomsråd jobbar ekstremt mykje på dugnad. Eg saknar at unge i ungdomsråda får meir medverknad, seier ordførarkandidat for Bømlo Høgre Anri Hebib. 

Han har sjølv vore leiar i Bømlo ungdomsråd og deltok i paneldebatten om ungdomsråd. 

Både nestleiar i Stord ungdomsråd Anna Sofie Ekeland Valvatne og leiar i Ungdommens fylkesutval i Hordaland, Agnes Hoshovde Bernes var einige i at ungdom må verte høyrt i større grad.

Ungdomsvalet 2015
22. juli og forsøket med stemmerett for 16- og 17-åringar og den gode valdeltakinga gjorde at lokalvalet i 2011 blei kalla ungdomsvalet. I alle aldersgrupper samla var valdeltakinga den høgaste på 20 år.

I dei 20 kommunane som gjennomførte forsøket stemte 58 prosent av 16- og 17-åringane. Fleire av forsøkskommunane fekk òg inn fleire kommunestyrerepresentantar i alderen 18-25 år.

Johannes Bergh frå Institutt for samfunnsforsking, er på plass på Høgskulen Stord/Haugesund for å fortelje meir om resultata frå evalueringa klokka 12.30.

(Sjå heile programmet her.)

Stem 2015!
– Målet med konferansen er å få fram kor viktig det er at ungdom nyttar stemmeretten sin og visa fram døme på korleis flest mogleg innbyggarar kan ta informerte val i lokalvalet, seier prosjektleiar og redaktør i Framtida.no, Svein Olav B. Langåker.

Framtida har motteke støtte til prosjektet av Kommunal- og moderniseringsdepartementet og har invitert med Høgskulen Stord/Haugesund som medarrangør.

Sjå konferansen i opptak her (før lunsj)!

Sjå konferansen i opptak her (etter lunsj)!

(Beklagar dårleg lyd i deler av opptaket!)