KORK søkjer talent

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kringkastingsorkestret legg no ut på tur til bygder og tettstader i Noreg for å finne skjulte musikalske talent innafor alle sjangrar og aldersgrupper, melder Vikebladet Vestposten. Dei utvalde talenta og heimstadene blir ein sentral del av ei ny serie: «Da KORK kom til bygda».

«Da KORK kom til bygda» er ei musikalsk storsatsing frå NRK som skal på lufta i 2014. Målet er å begeistre TV-sjåarane med engasjement og lokal dugnadsånd, store draumar og nye talent som skal løftast opp og fram av eit profesjonelt orkester.

LES OGSÅ: "Den pubertale trusselen mot nynorsk".

– Kringkastingsorkestret er heile landet sitt orkester. Vi ønskjer å gje lokale talent sjansen til å spele med nokre av Noregs beste musikarar, og samstundes utfordre musikarane våre innan mange forskjellige sjangrar. Vi håper og trur det kan føre til nokre overraskande musikalske møter, seier kulturredaktør Hege Duckert.

Dersom du kjenner til nokon som fortener å vise fram sitt spesielt gode musikalske talent, finn du meir informasjon om påmelding her.

Mari Mehus i NRK fortel til Vikebladet Vestposten at dei er interessert i talent frå heile regionen, Ulstein, Hareid, Herøy og Sande.

– Kven som helst kan melde si interesse. Om det er ein bestefar med munnspel eller ei lita jente med fiolin, legg Mehus til.

LES OGSÅ: – Eg er eigentleg ikkje så glad i ordet syndrom