Kor smart blir ein av smarttelefonar?

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innlegget var først publisert på Aasentunet sine nettsider.

Familien min er i den situasjonen at vi ikkje er på nett for tida. Vi har flytta inn i nytt hus (dvs. eit gammalt), og då er det mykje som skal på plass. Livet utan trådlaus fiber har likevel ikkje gjort meg og kona hjelpelause – vi sit der med kvar vår telefon og belastar 3G-nettet til raudglødande tilstandar. Dottera vår på ti og eit halvt har enno ikkje fått oppfylt ønsket om ein smarttelefon, sjølv om ho hevdar at ho sannsynlegvis er den einaste i klassa som ikkje har det. Likevel, jentungen klagar ikkje ofte på dette – faktisk har det nesten gått over. Her om dagen lurte ho rett nok på kor tid vi skulle få internett i hus igjen. Men ho sa også noko som rykte meg ut av oppussingståka:

«Eg likar betre å lese i bøker enn på internett.»

LES OGSÅ: Difor gjer du alt anna enn å lese

Ho har nemleg oppdaga gleda ved lesing, og har i ei tid no slukt både Harry Potter-bøker og Villheks-serien til Lene Kaaberbøl. Sist var det Idar Lind sine ungdomsbøker det gjekk hardt utover. Ho kan sitje på rommet sitt i lange tider, heilt fortapt i teksten. Når vi kjem og annonserer eit måltid eller ein annan viktig beskjed, må vi gi beskjed iallfall tre gonger for at ho skal løfte auga opp frå boka.

Eg må berre seie: Eg misunner ho.

Den gleda det er å sitje med ei god bok – å falle inn i teksten, kjenne at du er i historia, kjenne lukter og smakar, andlet du ser for deg – det er dessverre lenge sidan eg har fått oppleve. Og det er ikkje berre fordi eg har små born å ta meg av.

Eg har tenkt, og dessutan lese, at smarttelefonen ikkje akkurat hjelper på når det kjem til å lese lengre tekstar. I dag held vi ikkje ut meir enn eit par sider før vi byrjar å tenkje på å Google eit eller anna fenomen eller omgrep som kjem opp i teksten. (Det same problemet gjeld elles for film.) Då Morgenbladet skreiv om problematikken i juli i fjor, uttala forfattar, samfunnsdebattant og journalist Jon Hustad at problemet gjeld spesielt for romanen. For romanen føreset ei særskilt stemning, meiner han. Særleg optimistisk er ikkje Hustad heller, som meiner at romanen ikkje vil stå av dei endra vilkåra i informasjonssamfunnet. «Krafta i smarttelefonen er så sterk at ein ikkje klarer å kopla han av», sa Hustad til Morgenbladet. Folk som vil gjere kunst, vil etter kvart finne andre uttrykksformer.

For forfattar og journalist Agnes Ravatn gjekk avhengigheita av internett så langt at ho måtte skaffe seg eit program som stengde av tilgangen. Så gav ho ut boka «Operasjon sjølvdisiplin», med undertittelen «For deg som ein gong hadde ei lys framtid, men som no er ein internettavhengig, nevrotisk, dvask og ulykkeleg tufs i tidsklemme». Det er mykje eg kan kjenne meg att i her.

LES OGSÅ: Tidkrevjande tidsalder

Morgenbladet sin journalist nemner også amerikanaren Tim Parks sin hypotese om at skjønnlitteraturen vil og kjem til å måtte tilpasse seg dei nye vilkåra. Han er altså meir optimistisk. Forfattaren Jan Kjærstad meiner derimot at den konsentrerte lesaren alltid vil finnast, berre forfattarane leverer kvalitet. «Ingenting kan danka ut romanen som middel for erkjenning», sa Kjærstad til avisa.

Sjølv har eg eit elsk-hat-forhold til smarttelefonen min. Når eg lurer på noko, slår eg det opp der. Eg googlar det ikkje nødvendigvis – eg brukar ofte nettleksikon som Wikipedia og vårt eige nettleksikon Allkunne. Hat-forholdet kjem nok mest til uttrykk når eg ser film. Om eg set meg tilfeldig ned for å sjå ein film, vil eg vere sikker på at eg ikkje kastar vekk den dyrbare tida mi. Difor snik eg telefonen opp og finn fram alle fakta på app-en til IMDb (Internet Movie Database), men først og fremst kva slags kritikkar filmen har fått. Om det er ein film eg trudde skulle ha ein høg skår, går eg stundom vidare inn på tekstane til dei profesjonelle kritikarane og les kvifor filmen er dårleg og plot-et berre er dumt. Det er ofte betre underhaldning enn sjølve filmen, har eg funne ut. Dette fører i sin tur til at eg blir ein svært kritisk sjåar, så det er svært lite eg ser på som eg gidd å sjå ferdig, om det ikkje verkar truverdig på meg. Difor ser eg ofte dokumentarar og faktabaserte program på NRK2. Då er eg heilt sikker på at tida mi går med til noko som både er nyttig og interessant.

Men dette er altså eit hat-forhold. For helst ville eg hatt det slik at eg faktisk såg det som skjedde på skjermen, og gjorde meg opp ei meining sjølv.

Elsk-forholdet til smarttelefonen dreiar seg rundt tilværet mitt som småbarnsfar. Eg har ungar som ikkje alltid vil sove – og spesielt ei av dei meiner at kvelden er til for drøs og hopping i senga. Difor må eg ofte liggje i senga hennar til ho søv. Tallause timar har gått med til dette dei siste åra. Men heldigvis ikkje berre til tom stir ut i lufta og irritasjon. Eg snur ryggen til, senker lysstyrken på skjermen, og les. Før dette har B-mennesket fått kike gjennom familiebileta på smarttelefonen, og så snakkar vi om dei.

Så ein smarttelefon er ikkje berre negativt.

Likevel, det er noko med mediet som gjer at ein ikkje klarer å lese lange tekstar. Og har du lese denne teksten på ein smarttelefon og kome heilt hit, er eg imponert.

Eg kikkar av og til lengselsfullt bort på dei skjønnlitterære bøkene vi har pakka ut etter flyttinga.

«Ein dag», tenkjer eg. «Ein dag».