– Kor mykje er eit liv verdt, Høie?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

– Eg har utfordra helseminister Bent Høie til å ringe meg, men det skjer vel ikkje. Eg har berre så lyst til å seie ifrå. Kor mykje er eit liv verdt? Det er utruleg kor lett han kan ta vekk retten til tryggheit ute i distrikta, berre ved å fokusere på tal og ikkje på menneske.

Sekund
Ma Ortiz er på plass i fotostudioet sitt i Liadal. På golvet lagar dottera Bianca (åtte månader) godlydar frå leiketeppet sitt. Ho er fast medhjelpar når mor må gjere litt arbeid. Ho sprudlar. Ma sprudlar tilbake. Det er god stemning og blide fjes. For åtte månader sidan var situasjonen ein heilt annan.

– Det stod om sekund. Utan akuttkirurgien i Volda hadde verken eg eller Bianca vore her i dag.

Ma Ortiz vert alvorleg når ho fortel om kva som skjedde ein søndag for åtte månader sidan. Forma hadde vore så som så heile svangerskapet. Det vart nokre turar fram og tilbake til sjukehuset.

– Eg fekk god oppfølging, og alt såg ut til å vere som det skulle, sjølv om eg hadde sterke smerter i magen. Smerter eg ikkje kjende att frå mine tidlegare svangerskap.

Katastrofefødsel
Søndag 22. mars, seks veker før termin, var ho ute og gjekk tur med ein kompis då ho vart dårleg igjen. Ho hadde sterke smerter og måtte ringe kjærasten Christian Stokkevåg og be han om å hente henne.

– Han vart kjempebekymra og ville køyre meg til sjukehuset, men eg sa nei. Eg ville ikkje ha fleire falske alarmar.

Det tok likevel ikkje lang tid heime før Ma kjende at noko var på gang. Ho ringde føden, men ville ikkje verke uroa, så ho insisterte til jordmora i andre enden at ho ville køyre til sjukehuset sjølv.

LES OGSÅ: Kjempar for lokalsjukehusa

– Men så kom eg meg ikkje ut av senga. Det reiv i magen. Christian skulle prøve å løfte meg opp, men då svima eg av.

Ambulansen var på plass kort tid etter. Dei forstod alvoret og fekk Ma over på båre, klar til transport til Volda.

–Dei har aldri køyrt så raskt til Volda før. Det fortalde dei meg i ettertid.

Ho vert stille. Fortel om eit bilde som har brent seg fast i minnet. Dei to yngste barna hennar som stod hand i hand på trappa heime og såg henne verte bert ut på båre.

– Tenk om det hadde vorte deira siste minne om meg? seier ho, og kjemper mot tårene.

Senterpartileiaren: – Helsa til folk er like viktig uansett kvar du bur

For det er ho klar på at ville ha vorte ein realitet, om ho ikkje hadde fått kome til behandling i Volda. Det enda i keisarsnitt. Ein såkalla katastrofefødsel. Bianca måtte verte gjenoppliva. Livmora hadde rivna. Det stod om sekund for både mor og barn.

– Kva då om vi var i eit helikopter på veg til Ålesund, eller i ein ambulanse på veg over med ferja? Vi har snakka om det i ettertid, kor nære vi var å miste alt. Utan det utrulege personalet i Volda, som klarte å trykke på alle dei rette knappane, hadde vi ikkje vore her i dag.

Statistikken
Difor vel dei å seie ifrå.

– Dette gjeld ikkje berre fødslar. Det kan vere trafikkulykker eller at ungen din skadar seg, eller naboen din. Det kan skje alle. Kvifor skal ikkje vi som bur ute i distrikta ha den same retten til å få den behandlinga dei får i byane? Det skremmer meg. Bianca og eg kunne ha enda opp som ei overskrift i ei avis. Eit tal i statistikken til Høie, noko han kan bla raskt forbi. Men for dei som sit att er vi så mykje meir.

 I dag har familien seinka skuldrene. Tre søsken har vorte fire. Livet har funne si form igjen.

På sjukehuset i Volda vert Bianca kalla mirakeljenta.

– Det er det ho burde heite, kanskje. Rakel. Mi Rakel. Ting kunne ha sett så veldig annleis ut. Du kan ikkje setje ein pris på livet. Eit menneske har ingen prislapp.

Faktaboks

I Nasjonal helse- og sjukehusplan foreslår regjeringa at sjukehus med akuttkirurgisk funksjon bør ha eit opptaksområde på minst 60–80.000 innbyggjarar. Grensa er ikkje endeleg, då nokre område kan ha kort veg til eit større sjukehus, medan andre kan ha større vanskelegheiter med å kome seg raskt til eit større sjukehus.

Kjelde: Regjeringen.no