Kor lokalt kan det bli?

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Are Kalvø: Kor lokalt kan det bli?

 Men først: Hurtigruten.

Mange av reaksjonane etter NRKs rekordlange Hurtigrute-suksess har vore som venta.

For eksempel var det som venta at folk umiddelbart begynte å lage sine eigne artige utgåver av programmet, små filmsnuttar på nettet: Plenklipping minutt for minutt. Ein tur med bussen minutt for minutt. Ein tur til postkassa minutt for minutt. Og så vidare.

Det var også som venta at kritiske journalistar kort tid etter programslutt gav oss artiklar om at det sikkert ikkje kjem til å komme så mange turistar på grunn av dette programmet, og dessutan er det ganske dyrt å reise med Hurtigruten, i alle fall dersom du bur i den dyraste lugaren som finst og drar på den dyraste tida på året.

Og ikkje minst var det som venta at enkelte kommentatorar kom etterpå og sa at dei ikkje likte programmet sjølv om alle andre gjorde det. Det å komme etterpå og seie at du ikkje likte noko som alle andre liker, det er det nest enklaste eit vaksent menneske kan gjere, nest etter det å sette seg ned. Det har ikkje vore mange slike suringar å høyre, men eit par-tre har sagt at det var kjedelig å sjå vatn og vanlige menneske. Vanlige?!?! Dersom desse kommentatorane synest det er heilt vanlig med frieri på ein knaus, ein Elvis-imitator på kaia og ein gorilla på vass-ski, ja då må desse kommentatorane bu i svært interessante nabolag.

Nok om det som var som venta.

Det eg ikkje såg komme – og no nærmar eg meg den delen av teksten som ikkje handlar om Hurtigruten – var dei politiske konsekvensane.

Og det er det denne teksten eigentlig handlar om: Lokalpolitikk.

Men først: Hurtigruten.

Eg kom over ei nyheitssak i Sunnmørsposten si nettutgåve for nokre dagar sidan. Ikkje spør meg korleis eg hamna der. Uansett: Der var det ei stor og alvorlig og heftig kommentert sak om ordføraren i byen som la seg paddeflat fordi det ikkje var spesielt mange som stod og tok imot Hurtigruten då ho la til kai i Ålesund.

Medan lokalsamfunn andre stader viste seg fram med kor, grillmat, korps, veteranbilar, flaggvifting, hylande ungdommar, folkehumor, Elvis-imitator, gorilla på vass-ski og nitti prosent oppmøte, stilte Ålesund med ein byoriginal og litt folkemusikk. Alle som har vore i Ålesund veit at dette faktisk gir eit ganske dekkande bilde av livet i byen. Bortsett frå folkemusikken.

Men det er ikkje poenget.

Ifølgje Sunnmørsposten har folk i byen reagert kraftig på at ikkje Ålesund nytta høvet til å vise seg fram i større grad. Og ordføraren har tatt kjeften til seg. Noko som tyder på at sunnmøringar ikkje er så driftige og sjølvstendige som vi vil ha det til, sidan dei tydeligvis møter opp på kaia viss ordføraren gir beskjed om det, men ikkje kjem på å gjere det sjølve.  Men det er heller ikkje poenget. Poenget i denne teksten, som ikkje handlar om Hurtigruten, er at det er sjeldan ein politikar legg seg så flat for så lite som dette. Og det trur eg seier noko om kva som er det verste du kan gjere som politikar: Å ikkje forstå når du kan slå deg på brystet og skryte.

Du kan bli tatt i juks. Du kan legge deg ut med heile folkegrupper og halde verdens kjedeligaste talar. Du kan overdrive og vere ufin, og du kan svare omtrentlig på alle spørsmål. Men viss du ikkje klarer å utnytte noko som alle liker til din eigen fordel, eller til landets fordel, eller til kommunens fordel, då er du verkelig er ute å køyre.

Dei fleste politikarar forstår dette.

Ein ordførar kan sløse vekk kommunens pengar og forsømme bygningar og bryte løfte, men ho vil aldri finne på å seie rett etter at ein utøver frå kommunen har vunne ski-VM: Eg synest ski-VM er kjedelig og uinteressant.

Ein ordførar kan vere det minst spennande og mest negative mennesket på den nordlige halvkula. Han vil likevel forstå at når nokon ringer og seier dei vil lage eit TV-program frå kommunen, så skal han ikkje svare: Nei, eg synest ikkje det er ein god idé. Denne kommunen har ikkje noko å vise fram som ikkje også alle andre kommunar i Norge har.

Ein statsminister kan vere uenig med seg sjølv og med samarbeidspartnarane sine om alt, men sjølv han forstår at når alle ser på eit TV-program fullt av flagg, så bør han meine at dette er toppers.

Derfor er dette den setninga det er minst sannsynlig at vi får høyre i årets valkamp: Eg synest kommunen vår dreit seg skikkelig ut då alle stod på kaia som idiotar og vinka til ein båt. 

Denne artikkel stod først på trykk i Aftenposten 25. juni.