Konstant komposisjon

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg gjer stort sett eigne ting og det å danse med improvisasjonsensemblet mitt er noko av det eg likar best. Det er konstant komposisjon og både meir skumelt og meir moro enn anna dansing, seier Sigrid Marie Kittelsaa Vesaas frå Vinje.

Ho har alltid dansa og vart uteksaminert frå Skolen for samtidsdans i 2010.

– Ein bør gjere det ein er interessert i, ikkje det ein trur ein lyt gjera. Er rådet til andre unge med dansardraumar.

Friare
– Åra på Skolen for samtidsdans påverka meg veldig, der får ein utvikle seg etter eigne interesse og ting er friare enn på mange andre danseskule. Det er til dømes ikkje klassiske teknikktimar, men mange friare oppgåve utan fasit, forklarar Sigrid Marie. 

Dansen har alltid vore der, med gangar, springar og swingkurs i oppveksten, og fleire helgekurs gjennom kulturskulen. Sigrid Marie har òg gått danselina på Sunnhordland Folkehøgskole, men på vidaregåande valde ho drama.

– At eg gjekk på dramalinja har nok gjort meg meir kreativ og det har vore like bra som klassisk danseerfaring. Eg trur det er viktig med variert bakgrunn på dansefeltet, slik at ein ikkje berre gjer ting som liknar det som har vore gjort tidligare.

LES OGSÅ: Eit Boogie Woogie studentliv

Frå Waits til Nordstoga
Sigrid Marie hentar inspirasjon gjerne inspirasjon frå film og musikk, frå ein filmregissør som Pedro Almodóvar og artistar som Tom Waits og Gil Scott-Heron.

– Odd Nordstoga inspirerar fordi musikken er så ærleg og sår, så likar eg Beastie Boys som er så upolert og Susanne Sundfør som køyrer på med sitt, forklarar Sigrid.

Kreativiteten festar seg i stadig nye prosjekt som Potetgullpute/Då eg og bestefar var jentungar som vart framfør på samtidsdansfestivalen Ravnedans i Kristiansand tidligare i sumar, der ho dansa solo på ein grusveg.

LES OGSÅ: På eigne bein

Held fram
– Eg kjem til å halde fram så lenge eg er interessert, seier Sigrid Marie. 25-åringen har hatt dans som hovudinntektskjelde sidan ho vart uteksaminert i 2010. Det er søknadar, undervisningsopplegg og små og store framsyningar.

– Å kunne leve av det handlar ikkje berre om å vera god til å danse, det handlar om å vera rett stad til rett tid og så bør ein vera god til å skrive søknadar, fortel Sigrid Marie. For henne er dansinga ein livsstil, med stor fridom og nokre bakside. 

– Dansen kostar ein strukturert og føreseieleg liv, om det kan seiast å vera noko offer då, avsluttar Sigrid Marie Kittelsaa Vesaas.