Kokkemangel i Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Navs bedriftsundersøking for 2017 viser at det manglar 850 kokkar her i landet. Det er også stor mangel på kjøkkenassistentar og servitørar. Samtidig viser tal frå Statistisk sentralbyrå at 2016 var eit rekordår for overnattingsbedriftene og at fleire bedrifter varslar oppbemanning i 2017.

For å bøte på kokkemangelen, hentar mange restaurantar, kafear og matstader inn kokkar frå andre land.

– Mange reiselivsbedrifter ekspanderer i år, og det er heilt nødvendig å skaffe fleire kokkar og gjerne frå EU, seier Kristin Krohn Devold, administrerande direktør i NHO Reiseliv til NRK.

Ho meiner no både foreldre, rådgjevarar på skulane og fylkespolitikarar må tenkje nytt.

– Legg matfaga på vidaregåande skular nær dei store reiselivsmiljøa, oppfordrar ho. Då kan det bli eit nært samarbeid mellom utdanning og næringsliv.