Knuser mytar om dataspeling

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ok med meir enn fire timar dataspel om dagen

Kring 10 prosent av alle gutar mellom 12 og 17 år spelar over fire timar om dagen. Desse blir rekna som storspelarar. Ein fersk rapport frå Medietilsynet peikar på at det er viktig å unngå ytterlegare stigmatisering av desse.

– Det er ei stor utfordring å skilje mellom storspelaren som spelar mykje og kontrollert, og dei storspelarane som er i fare for å mista kontroll og utvikla usunne spelemønster, seier Thomas Hepsø ved Medietilsynet.

Ingen diagnose
Born og unge som spelar mykje dataspel kan ha ein oppførsel eller tidsbruk som andre reagerer på, men som ikkje nødvendigvis tyder at dei har speleproblem. Ved problemspeling følgjer det derimot klare negative konsekvensar for enkeltspelaren og dei som står vedkomande nær. Ofte har dei også andre problem dei slit med.

Les rapporten her!

I dag finst ingen diagnose for dei som opplever problemspeling. Det er likevel ein liten del av unge som kan vera i fare for å utvikle usunne mønster for dataspeling.

LES OGSÅ: 3800 unge er avhengige av dataspel

Arbeidsgruppa til Medietilsynet føreslår å støtte tiltak i samband med datatreff og LAN for å auka statusen til dataspelet som hobby og kultur.

– Sosial aktivitet
I dag, 20. april, startar The Gathering i Vikingskipet på Hamar. 5200 deltek på det som er verdas nest største datatreff, eller LAN som nokre kallar det.

Andre Hals er presseansvarleg, og er glad for å høyra om rapporten.

LES OGSÅ: Kjøper dataspel for 2 millionar kroner

– Eg synst det er positivt at rapporten ikkje trekk samanheng mellom storspelarar og speleavhengige. Speling er òg ein viktig sosial aktivitet, understrekar han.

Speling heile natta
Om ikkje alle deltakarane på The Gathering spelar fire timar om dagen til vanleg, så blir det verkeleg storspeling denne påska.

– Kor mange er det som spelar heile natta?

– Før eller seinare vil vel dei fleste måtta sova. Me oppmodar dessutan deltakarane til vera påpasseleg med hygienen og å eta regelmessig, seier Andre Hals.

Den mest vanlege deltakaren er ein mann mellom 16 og 20 år som går på skule. Dei yngste er nede i 13 år, og det er også dei som er i 40-åra her, fortel han.

Kva meiner du? Er det ok å spela meir enn fire timar om dagen?

Faktaboks

The Gathering (ofte forkorta til TG) er verdas nest største datatreff etter Dreamhack i Sverige. Arrangementet starta første gong i 1992, og kvararrangert i Vikingskipet i Hamar.
Varer fem dagar i strekk.

Les meir på Wikipedia!

Sjå teaser frå The Gathering: