Knølkvalar tekne av utryddingstrua-liste

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gladmelding om knølkval

Bestanden av har vakse gradvis dei siste tiåra som følgje av internasjonal innsats for å verne og bevare dei store pattedyra.

– Dagens nyheit er ei ekte suksesshistorie. Kvalar, inkludert knølkvalen, har ei viktig rolle i det marine miljøet vårt, seier Eileen Sobeck i den amerikanske etaten for hav- og atmosfære (NOAA).

Alle typar knølkval blei erklært utryddingstrua i USA i 1970. Sjølv om dei fleste typane no er tekne av lista over utryddingstrua dyr, er det framleis forbode å jakte kvalane i USA.

I Noreg blir det ikkje drive fangst på knølkval, men på vågekval. I 2015 blei det fanga 660 dyr. Årets kvote er på 880 dyr. (©NPK)