Knallharde krav frå AUF

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha ny skatt på arv

– Det tydelegaste kravet frå AUFs landsmøte er at Arbeidarpartiet ein gong for alle må gravleggja ideen om oljeleting i dei sårbare områda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Det tyder òg eit nei til konsekvensutgreiing. Dette er eit område i positiv utvikling, og neiet vårt til oljeboring er eit ja til så mykje anna. Til ny teknologi og fleire nye grøne arbeidsplassar innanfor fornybar energi, reiseliv og fiskeri, seier Mani Hussaini.

LES OGSÅ: AUF-leiaren: – Ja til grønt industrieventyr

Vil ha meir skatt på formue
På AUFs 55. ordinære landsmøte blei det vedtatt eit nytt arbeidslivsprogram, som blant anna tar for seg korleis Noreg skal få eit skattesystem som bidrar til å jamna ut skilnader.

– Då treng me meir skatt på formue, me treng ein ny og betre skatt på arv og me treng ein skatt på bustadspekulasjon. Valet til neste år handlar ikkje berre om kven som skal styra landet, men politikken landet skal styrt etter. Difor stiller me desse krava til Arbeidarpartiet, fordi me treng ei regjering som er opptatt av å tetta gapet mellom dei som har mest og dei som har minst, seier Mani Hussaini i ei pressemelding.

LES OGSÅ: – No må Ap seia kva dei meiner om oljepolitikken

Går inn for internasjonal sexkjøpslov
Landsmøtet vedtok òg eit nytt og ambisiøst internasjonalt program. Blant dei viktigaste sakene herfrå er at AUF går inn for ein internasjonal sexkjøpslov.

– Viss me skal få bukt med trafficking av kvinner og sexkjøp må me strupa etterspurnaden. Dette er eit felles ansvar som alle land må vera med på. I tillegg er det viktig at dei som kjem seg ut av prostitusjon får gode hjelpetiltak som medisinsk oppfølging og utdanning som kan gje andre karrierehøve, seier Hussaini.

LES OGSÅ: Ungdomspartia meir synlege etter 22. juli

Foto: Christian André C. Pettersen/AUF

AUFs sentralstyre 2016-2018:

Leiar: Mani Hussaini, Akershus (attval)

Generalsekretær: Renate Vert tårna, Sør-Trøndelag (ny)

Nestleiar: Ina Libak, Akershus (attval, ny som nestleiar)

Sentralstyremedlem: Håkon Knudsen, Buskerud (attval)

Sentralstyremedlem: Ingrid Marie Vaag Endrerud, Oppland (attval)

Sentralstyremedlem: Sindre Lysø, Østfold (attval)

Sentralstyremedlem: Marta Hofsøy, Troms (ny)

Sentralstyremedlem: Stig Harlem Harris, Oslo (ny)

Sentralstyremedlem: Astrid Willa Eide Hoem, Møre og Romsdal (ny)

Sentralstyremedlem: Munir Jaber, Oslo (attval)

Sentralstyremedlem: Ellen Reitan, Sør-Trøndelag (ny)

Sentralstyremedlem: Eirik Schrøder, Sør-Trøndelag (attval)

Sentralstyremedlem: Ronja Breisnes, Hordaland (ny)

Sentralstyremedlem: Snorre Erichsen Skeivrak, Rogaland (ny)