Knallbra film – kort og godt

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Verdas kortfilmdag vert årleg markert på årets kortaste dag – den 21. desember.

For å få god kortfilm ut til publikum legg Norsk Filminstitutt ut 19 av dei beste filmane frå samlinga Norsk kort 2015 på internett.

Filmane ligg fritt tilgjengeleg i filmarkivet frå fredag 18. til midnatt 21. desember. Noko som betyr at du har mykje å sjå fram til i helga.

Her kan du sjå alle filmane.

Her er nokre tips til kvar du kan byrja:

«Rulletrappen» (2014) – Christopher Nielsen
Ei av perlene i samlinga som er henta frå fjoråret er teikneserie- og filmskapar Christopher Nielsen sin «Rulletrappen», som er ei filmatisering av ei teikneseriestripe han har laga tidlegare.

Multikunstnaren, som òg er bror til rockepoeten Joachim «Jokke» Nielsen (1964-2000), har brukt ei omvendt rulletrappa som ein metafor på sjølve livet. Folk jobbar mot trappa for å kome seg oppover. Kva som ventar der oppe veit dei ikkje. Men dei kan jo ikkje berre setje seg ned og bli med til botnen heller.

Sjå filmen her.

«Ja, vi elsker» (2014) –  Hallvar Witzø
I samlinga finn ein òg kortfilmen «Ja, vi elsker», skrive og regissert av Hallvar Witzø.

Den norske filmskaparen skapte overskrifter då han i 2011 vann Student Acadamy Awards for beste utanlandske film med filmen «Tuba Atlantic». I tillegg vart filmen nominert til Oscar i kategorien beste kortfilm.

Sjå filmen her. 

«Moulton og meg» (2014) – Torill Kove
Ei kvinne som faktisk har fått med seg den gjeve Oscar-statuetten heim er norsk-kanadiske Torill Kove.

Ho har vore nominert i kategorien beste animerte kortfilm heile tre gongar, først for «Min bestemor strøk kongens skjorter» i 2000, før ho vann med «Den danske dikteren» i 2007.

I helga kan du altså strømma Oscar-nominerte «Moulton og meg» heilt gratis.

Sjå filmen her. 

«Det gode livet der borte» (2014) – Izer Aliu
Dette er ein filmskapar me garantert vil sjå mykje til i framtida.Norsk-albanske Izer Aliu er fødd i Makedonia, flykta med familien til Noreg og flytta seinare til Sverige. «Det gode livet der borte» handlar om den unge mannen Sami som kom til Noreg i håp om eit betre liv, men no jobbar for å tene pengar til å reise heim att.

Filmen stakk av med hovudprisen under Kortfilmfestivalen i Grimstad.

Aliu spelte inn debutfilmen sin «Hunting Flies» i heimlandet Makedonia og er allereie i gang med spelefilmen «Tolv bragder»  ein svensk-norsk samproduksjon som tek utgangspunkt i det fleirkulturelle ungdomsmiljøet i Malmø.

Sjå filmen her. 

LES OGSÅ: Kaja Gunnufsen: – Der låg eg og åt masse smågodt og såg på porno

«Kaja Gunnufsen – Faen ta» (2014) – Thea Hvistendahl
Variasjonen i kortfilmane er stor, her er både fiksjon, animasjon, dokumentar og ein særs vellukka musikkvideo. Thea Hvistendahl vann pris for beste musikkvideo under Kortfilmfestivalen i Grimstad. Kvifor kan du sjå her:

Faktaboks

The Shortest Day vart til i Frankrike i 2011.

Målet er å få kortfilmen ut til publilkum.

Dagen vert feira med gratis kortfilm  i ei rekkje europeiske land, samt USA og Canada.

Aldersgrense for kortfilmane er 12 år.

Her er alle kortfilmane du kan kosa deg med fram mot årets kortaste dag:

15:05 (2014), regi Bull & Miletic

Bølgeslag (2014), regi Kristian Pedersen

Det gode livet der borte (2014), regi Izer Aliu

Kaja Gunnufsen – Faen ta (2014), regi Thea Hvistendahl

Fallet (2014)regi Andreas Thaulow

Hermans hjerte (2014), regi Anne Kristin Berge

Ishavshanda (2014), regi Are og Sturla Pilskog

Ja, vi elsker (2014), regi Hallvar Witzø

Kompis (2015), regi Mads Eriksen

Moulton og meg (2014), regi Torill Kove

Polaroid (2014), regi Julia Elise Schacht

Må, bare må (2014), regi Eirin Handegard

Nålebyen (2014), regi Kaspar Synnevåg

Rulletrappen (2014), regi Christopher Nielsen

Sámi Bojá (2014), regi Elle Sofe Henriksen

Sing lingeling (2014), regi Aaslaug Vaa

Subtotal (2014), regi Gunhild Enger

Tre Dalmatinere (2014), regi Ingrid Stenersen

Uten deg (2015), regi Marius Myrmæl

Kjelde: NFI