Klok, erfaren og full av latter

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det å ha levd nokre år, gjer noko med deg. Du ser annleis på ting. Spesielt ein ting.

Eg skulle sjølvsagt ønske at det som skjedde etter kvart som åra gjekk, var at ein forstod meir og meir, at ein fekk ei større ro og meir innsikt, at brikker fall på plass, eller at ein såg meir og meir ut som George Clooney.

Men nei. Det ein først og fremst merker åra som har gått på, er at det blir fleire og fleire nyheiter som det er umulig å ta alvorlig. Fordi ein har høyrt dei før. Og ledd av dei.
Eg er såpass gammal at eg på gode dagar bestemt meiner at eg kan huske åttitalet. Og på åttitalet var det nokre ting vi lo meir av enn andre. Og då tenker eg ikkje på opplagte ting som at vi lo av  Skulk med stil, Politiskolen-filmane og brillene til Per Øyvind Heradstveit. Mange som ikkje veit betre, trur at det vi lo av på åttitalet, var halvmeterstore skulderputer og halvmeterhøgt hår. Men det gjorde vi ikkje. Det var heilt normalt. Dei som var sjuke, var dei som ikkje ikkje hadde skulderputer og hår som var i vegen når du gjekk gjennom ei dør. Dei lo vi av. Sånn som vi lo. Og så lo vi av Harald Heide Steen Jr., sjølvsagt.

Og av svenskar som leita etter ubåtar.

For eventuelle yngre lesarar som har forvilla seg heilt til Aftenposten: Svenskar dreiv og leita etter ubåtar i skjergarden på åttitalet også. Akkurat som dei har gjort dei siste dagane. Stadig vekk. Og vi lo. Og lo og lo og lo.

For det første lo vi fordi vi hadde lært at sjølve ideen om svenskar og noko som hadde med krig, strid eller konflikt å gjere, var komisk. Svenskar var nøytrale, feige og uinteressante for alle. Det fanst ein gong ei humorbok som heitte «Svenske krigshelter», der humoren låg i at alle sidene i boka var blanke. Svenskar og krig var og blei latterlig.

Vi, derimot, hadde kjempa i krigen. Eller, ikkje vi sjølvsagt. Foreldra våre var knapt nok fødte under krigen. Men vi hadde i alle fall høyrt om nokon som hadde besteforeldre som kjempa på ei eller anna side under krigen. Eller, om dei kjempa er eg eigentlig ikkje sikker på. Men dei heia i alle fall på den eine eller den andre sida. Og det er meir enn ein kan seie om dei fleste svenskar. Derfor lo vi hjertelig kvar gong vi såg nyheitsinnslag der svenskar med alvorlige ansikt sa at russarane var ute etter dei.

Og så kom Harald Heide Steen Jr, som vi som sagt alltid lo av, med ein sketsj der han snakka norsk med tullerussisk aksent og var flirfull og sa «Vi kan ikke se den grensen under vann». Og det var det.

Vi som har levd ei stund, og har opplevd dette, kan aldri ta nyheiter om ubåtar i den svenske skjergarden alvorlig. Det var faktisk ein russisk ubåt som gjekk på grunn i Sverige på åttitalet, som desse nyheitene var faktisk ikkje berre tull. Det speler inga rolle. Det går ikkje. Ikkje orda «svensk», «skjergard» og «ubåt» i same setning. Alvorlige svenskar i uniform. Svenskar i uniform i det heile tatt. Gløym det. Det toget har gått. For lenge sidan.

Om eg var svensk forsvarssjef (eg begynner å fnise berre eg skriv «svensk forsvarssjef») og fekk uomtvistelige bevis for at svenskekysten var stappfull av utanlandske ubåtar, ville eg latt det ligge. Eg ville tenkt: Det er ikkje verd det. Middelaldrande nordmenn kjem til å le av oss uansett.


Først publisert i Aftenposten 25. oktober.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!