Kliner til med torsk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det var rett og slett ekkelt, seier Halima Muhammed, russ på Stord vidaregåande skule.
I går blei ho tradisjonen tru døypt og kan kalla seg fullverdig russ, men det var ingen grisar å sjå.
 
Meir enn svineri
Årets russekull har teke omsyn til at det òg er framandkulturelle elevar i kullet. Normalt sett er russen samla rundt Vikastemmo når kvar og ein elev først duppar hovudet i vatn, så i mjøl – før eit grisehovud skal kyssast. Seremonien endar med at russepresidenten sym ut til den vesle holmen og gravlegg grisetrynet. I år er også torsken invitert.
 
– Me var på Trollkrabben og fekk med oss eit fiskehovud. Eg trur dette er første gongen me gjer det slik. Me meiner det er viktig å ha dåp også for dei som har ein framandkulturell bakgrunn, seier russepresident Sindre Mikkelson.

Les òg: Fekk knute i russelua
 
Erobrar Ådlandsvatnet

Mikkelson meiner å tru at det iallfall er tre elevar som er muslimar blant russekullet på 230 elevar. I går var det dåp for dei elevane som ikkje har høve til å stilla på dåpen i dag. 27. april er nemleg den offisielle dagen då russefeiringa startar på Stord.

– No sender me russebilane på sjekk og planlegg feiringa ved Ådlandsvatnet natt til 1. mai, seier Mikkelson.
 
Får skryt

Elevinspektør Arne Steinsvåg er stolt over at elevane har valt ein ny vri rundt russedåpen.

– Eg har aldri tenkt på det før, og det har sikkert ikkje elevane heller. Men eg synst det er heilt rett. Så lenge det er så mange som tek studiekompetanse her med muslimsk bakgrunn, så er dette veldig bra, slår han fast.

Les saka i Sunnhordland!