«Klimaproblemet heng saman med vår evne til å tenkje fram i tid»

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Han skal vere med å styre klimapanelet

Som del av klimapanel-leiinga skal Jan Fuglestvedt halde fram med å vurdere kunnskapen om klima og tiltak for å avgrense endringane. Panelet skal vere politisk nøytrale, og ikkje gje verdibaserte tilrådingar.

– Vi skal syne kva som skal til for å nå ulike mål, men ikkje tilrå politikk. Det er som ein meny og eit vegkart for politikarane, seier han, og gir eit døme:

– Rapporten seier ikkje om ein bør bruke kjernekraft eller ikkje, men kva rolle det kan spele i å redusere CO2-utslepp i energisystemet.

Fuglestvedt meiner han som forskar må vere tydeleg og nøytral, og ikkje blande inn sine eigne verdiar i arbeidet.

Eit risikabelt eksperiment
Vi vil likevel gjerne høyre litt meir om nettopp dét.

– Eg meiner klimaendringane er ei gigantisk utfordring. Vi har satt i gang eit stort eksperiment med jordas klimasystem. Det er risikabelt og vi kan få oss nokre overraskingar, seier han.

Klimaendringane er ei utfordring på fleire plan:

– Dette utfordrar vitskapen til å forstå kva som skjer og kva som kan skje. Det er ei utfordring for teknologiutvikling og –implementering. Og det er ei veldig utfordring for internasjonalt samarbeid.

LES OGSÅ: Verdsøkonomien vart litt grønare i fjor

I tillegg er det ei utfordring for oss personleg. Fuglestvedt meiner åtferdsendringar er ein del av biletet, men at styresmaktene må ta ein stor del av ansvaret.

– Eg meiner dei må leggje opp til at vi som forbrukarar har val. Det må vere eit samspel mellom dei styrer og dei som vert styrt, seier han.

– På kva måte heng klimaendringane saman med verdiane våre?

– Løysingane vi finn på klimaendringane heng saman med vår evne til å tenkje fram i tid. I kva grad vi legg vekt på det å påføre framtidige generasjonar problem, er eit verdispørsmål.

Løysingane heng også saman med korleis vi tenkjer i rom. Om vi berre tenkjer på dei som bur i vår del av verda, eller også på dei som bur i ein annan del av verda, med høgare sårbarheit og mindre kapasitet til å klare seg når klimaendringane forstyrrar liva deira. Det handlar også om verdiar, seier han.

Meir internasjonalt samarbeid
I sin ungdom var han ikkje oppteken av akkurat klima. Han var litt engasjert i forureining, forsuring og miljøkvalitet, men klimaendringane var då eit fjernt og ukjent problem.

Første gong han var borti problemet, var då mora hans ein gong på slutten 70-talet synte han ein Aftenposten-artikkel om den menneskeskapte auken i drivhuseffekten.

No håpar han på meir samarbeid og mindre karbonutslepp.

– For å klare togradersmålet må vi over på ei samarbeidsline og eit lågkarbonspor. Med andre ord håpar eg vi tek innover oss den kunnskapen vi har. Internasjonalt håpar eg at vi innser at vi er avhengige av kvarandre.

Han vektlegg internasjonalt samarbeid.

– Små land kan ikkje løyse problema åleine. I dag kan alle land ha interesse av å halde fram som før, og få andre til å kutte. Vi må ha ei felles forståing for at denne tankegangen ikkje fører fram, og at det heller må brei deltaking til. Vi treng ei varig omlegging og eit auka ambisjonsnivå viss vi skal stabilisere dei menneskeskapte klimaendringane.

LES OGSÅ: Bestefaraktivist Halfdan Wiik: Ein illusjon at vi kan halde fram som før

Ikkje ein nybyrjar
Fuglestvedt er ikkje noko nybyrjar i klimapanelet. Han har vore med sidan 2009, då han vart oppnevnt som hovudforfattar i den femte og førebels siste rapporten frå panelet. Han var også med i forfattarlaget i den avsluttande synteserapporten. Til vanleg er han forskingsleiar på CICERO – Senter for klimaforsking i Oslo.

– Eg er veldig imponert over den prosessen og innsatsen som forskarane i FNs klimapanel gjer. Eg kan ikkje kome på noko anna fagfelt som har ein tilsvarande prosess for å samanfatte, vurdere og formidle kunnskapsstatus, seier han.

– Panelet har laga ein solid basis for dei som skal bruke kunnskapen. Vi veit no med svært høg grad av sikkerheit at menneska påverkar klimaet og vi veit kva som skal til for å stabilisere utviklinga – djupe og langvarige utsleppskutt.

LES OGSÅ:Klimaforskarar på djupt vatn

Eit gjevande arbeid
Klimapanelet skal både samanstille kunnskapen om klimaendringane og overlevere den i forenkla form til dei som tek avgjerslene. Det er desse samandraga som får mest merksemd i media, og nasjonale styresmakter frå 195 ulike land deltek i å godkjenne dette samandraget.

Dette kan skape eit felles eigarskap til kunnskapen og føre til at styresmakter i større grad lagar kunnskapsbasert politikk. Kritikarane har samstundes hevda at styresmakter kan få for stor påverknad på dokumentet.

Fuglestvedt strekar under at politiske aktørar ikkje kan påverke det vitskaplege grunnlaget og vurderingane som er gjort.

– Dei kan ikkje røre den underliggjande rapporten, men får vere med å bestemme korleis vi skal formulere oss i samandraget. Det handlar om å forenkle språk og gjere forskinga forståeleg. Det kan også handle om at nokon ønsker meir eller mindre fokus på ulike sider ved klimaendringane i samandraget.

LES OGSÅ:Frank Aarebrot: – Dårleg debattklima om klima

Vegen til Paris
I desember møtast verdsleiarane i Paris. Då skal dei prøve å kome fram til ein bindande avtale om utsleppskutt. Fuglestvedt ser nokre positive teikn på vegen til Paris.

– Tilnærminga til dette møtet er annleis enn det var då forhandlingane i Kyoto gjekk føre seg. Denne gongen har landa sjølv meldt inn kva dei kan gjere, noko som er ei mindre ovanfrå-og-ned-tilnærming enn før. Mange land har meldt inn kva dei kan forplikte seg til i utsleppskutt, og sjølv om det ikkje er nok, kan det vere ein god start.

Men, han er forsiktig optimist.

– Utsleppa har auka og auka. Det går ikkje vegen, og klimaet er i endring.

LES OGSÅ:Under halvparten av partia nemner klima