Klikkar oss sjuke

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jan Erik Karlsen, professor ved Universitetet i Stavanger, er ein av forskarane i det nye EU-programmet ALICE RAP. Han forskar på følgjene av avhengigheit.

Ny forsking viser at avhald frå nettilgang er ei aukande årsak til psykiske forstyrringar blant studentar. Karlsen kallar denne avhengigheita mjuk, i forhold til den harde avhengigheita som er knytt til alkohol og narkotika.

Den nye mjuke avhengigheitsforma dreiar seg mest om nettspel, Internett, hyperseksualitet, treningsvanar og nytingsshopping. Ifølgje Karlsen er det nettavhengigheita som er mest utbreitt blant studentane.

Mindre kontakt
Ane Tryggeseid, Tonje Holm Sandnes og Admira Bajrektarevic er ein del av underhaldningsspalta «Vaffelmix» i Bergen Student-TV (BSTV). Dei har laga ein musikkvideo der dei tar opp problema knytta til det å vere avhengig av smarttelefon og nettilgang.

– Alle har eit behov for å sjekke Facebook før ein legg seg. Alle er nysgjerrige på alle, men me vil ikkje at folk skal vite om det, seier Bajrektarevic.

LES OGSÅ: Krev jobb som tillét Facebook

Dei tre jentene meiner dette fører til mindre tradisjonell kontakt.

– Folk går ingen stadar utan mobilen på seg. Det blir som om alle sit i si eiga boble. Me lærer å kjenne folk gjennom nett i staden for å møte dei fysisk, meiner Tryggeseid.

Internettabstinensar
I musikkvideoen deira, «Smartphone Baby», tar dei opp ei problemstiling som dei meiner mange studentar kan relatere seg til.

– Sjølv om du er på fest eller kafé, så er du egentlig ikkje der. Du er eigentleg aldri heilt tilgjengeleg. Ein blir avhengig av å halde seg oppdatert heile tida, og får abstinensar om ein ikkje får tilgang til nett, seier Sandnes.

Dagens definisjon av avhengigheit er ikkje berekna på dei mjuke variantane. No skal ein meir dekkande definisjon lagast.

LES OGSÅ: – Ikkje kast vekk livet ditt på å leva andre sitt liv

– Stadig fleire unge i Europa utviklar ein livsstil prega av avhengigheit. Studentane kallar sjølv dette for avhengigheit, og gir analogar og metaforar knytt til dei kjenslene som oppstår når ein trer ut av ein rusavhengigheit, seier Karlsen.

Han seier at den mjuke avhengigheita ikkje skapar dei same abstinenssymptomane som den harde avhengigheita, men at den likevel kan skape sakn og ei kjensle av tomrom.

– Undersøkingar viser at avhald frå nettet skapar psykiske forstyrringar som depresjon, nervøsitet, frykt, panikk og uvilje til å vere saman med andre menneske, seier Karlsen.

Meir «meg», mindre «oss»
BSTV-jentene meiner at studentane i dag ikkje klarar å gjere to ting samtidig.

LES OGSÅ: Er du avhengig av Facebook?

– Me trur me kan multitaske, men det klarar me ikkje. Det å alltid vere på nett øydeleggjer konsentrasjonsevna vår og gjer at me ikkje klarar å gå i dybda, seier Sandnes.

Karlsen meiner at konsekvensane av dette kan vere at me blir meir individualiserte og sjølvsentrerte, og at me ser meir bort frå fellesskap, arbeid og verdiskaping som sentrale livsinteresser.

LES SAKA I STUDVEST!

Faktaboks

Tips til internettavhengige

Flytt datamaskina til eit anna rom enn det du oppheld deg i.
Gå aldri på nettet aleine.
Lag ein internettlogg.
Fortel andre om problemet ditt.
Mosjoner.
Ikkje bruk alias.
Ta internettfri.
Slutt å tenke på internettavhengigheit.
Hjelp andre.
Søk profesjonell hjelp.

Kjelde: Klikk.no