Tema: Høgare utdanning

Klart for tusen nye studenthyblar

Vestlandet får flest.

Svein Olav B. Langåker
laurdag 15. januar 2011 17.00

Klart for tusen nye studenthyblar Med dei siste 165 bustadane finansiert, er Studentsamskipnaden i Bergen i rute med å ha klar 727 nye bustadar i Grønneviksøren om eitt år. Illustrasjon: 3RW

Fredag vart det klart at Kunnskapsdepartementet tildeler til saman 235 millionar kroner til 1054 nye studentbustader i Noreg. 165 av desse går til Bergen, som dermed får flest.

– Me er veldig glade for at regjeringa har lytta til bergensstudentane sine krav om fleire studentbustadar, seier Øystein Fimland og Tine Øverseth Blomfeldt, studentparlamentsleiarar ved høvesvis Høgskolen i Bergen og Universitetet i Bergen, i ei pressemelding. Dei presiserer samstundes at dei ikkje er nøgd med talet bustadar enno, og set sin lit til at regjeringa held fram med satsinga si på studentbustadar.

Snart innflytningsklart
Dei første studentbustadane i Grønneviksøren skal vera innflyttingsklare til semesterstart i haust, medan 2. kvartal med bustadar som inkluderer dei 165 nytildelte, skal stå ferdig i januar 2012.

– Montering av desse er i gong, og med dei siste tildelingane er me definitivt i rute, seier Sørland.

Misnøye i Oslo
Medan studentleiarane i Bergen er svært nøgde, er det meir misnøye i Oslo.

– Studentane i Oslo er nøgde med fleire studentbustadar, men kritiske til at bustadtildelinga vert kutta med 139 einingar samanlikna med tildelinga til Oslo i 2010, skriv leiar i Velferdstinget i Oslo og Akershus, Magnus Nystrand, i ei pressemelding.


Oppdatert: laurdag 15. januar 2011 17.00
Kommentarar 0

Faktaboks

Studentsamskipnader som får fleire studentarbustader:
Ås: 50
Nord- Trøndelag: 50
Sunnmøre: 51
Sogn og Fjordane: 35
Oslo: 143
Bergen: 165
Stavanger: 88
Trondheim: 90
Vestfold: 153
Østfold: 47
Romsdal og Nordmøre: 100
Agder: 82